Hopp til innhold

Småborna sviktar korpsa

Det nærmar seg 17. mai, men mange korps slit med rekrutteringa. Spesielt dei yngste har andre interesser enn å spele i korps.

Korps i Ålesund på 17.mai

Korps i Ålesund på 17.mai i fjor.

Foto: Aina Rødal / NRK

Volda skulekorps er eitt av korpsa som slit med rekrutteringa. I år må dei slå seg saman med Volda hornmusikk for å klare å stille korps 17. mai.

- Korps er ein aktivitet som er veldig kjekt for ungane å drive med. Dette er ein arena der vi ikkje fokuserer på å konkurrere. Dei har moglegheit til å lære seg eit instrument som dei kan ha glede av resten av livet, seier leiar Benedikte Holmberg.

Dei siste ti åra har talet på korpsmedlemar i Noreg under ti år gått tilbake med omlag ti prosent.

Håper "Orps" vil redde rekrutteringa

Det var mange som såg på NRK-serien "Orps", om det å spele i korps, som gjekk på NRK Super i fjor.

Kommunikasjonssjef Stig Rydland i Norges Musikkkorps Forbund seier dei opplevde stor interesse etter serien, og at dei brukte 150 000 kroner på marknadsføringstiltak i etterkant av det.

- Rapportar vi får frå korps over heile landet er at dei opplever stor pågang blant små barn som tykkjer korps ser gøy ut og kjekt å halde på med, fortel Rydland.

Vil ha foreldra på banen

Også Volda skulekorps trur på nye tider. Benedikte Holmberg håper at eit betre samarbeid med kommunen skal gje resultat.

- Vi har hatt samtalar med både kommunen og kulturskulen og vi har fått berre positive tilbakemeldingar. Så eg trur kommunen ser alvoret i det og ser at vi må lyfte i lag for å få til dette.

- Motiver borna

Holmberg ynskjer også at foreldra skal motivere borna sine til å vere med i korpset.

- Dersom foreldra vert meir positive og ser at dette er ein kjekk plass for ungane å tilbringe litt av fritida si på, så vert dette bra!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL