Hopp til innhold

Slutt på kolonnekøyring

I går kveld blei det slutt på kolonnekøyring i Innfjordtunnelen i Rauma. I over to år har Vegvesenet drive utbetringsarbeid i den 6,5 kilometer lange tunnelen. Prosjektleiar Hallgeir Brudeseth kunne i går kveld dele ut bollar og kaffi til dei som køyrde kolonnen for siste gang. – Arbeidet har tatt tid, men heldigvis ser det ut som om folk synest det har gått bra, seier Brudeseth.

Hallgeir Brudeseth
Foto: Jannicke Farstad / NRK