Hopp til innhold

Slik kan Ålesund bli om 10 år

Indrefileten av Jugendbyen skal no byggjast ut.

-Eg trur det første spadetaket vert tatt om fire år, seier ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal.

Framtidas rådhusplass i Ålesund

Slik ser det danske arkitektfirmaet JAJA Architects for seg området rundt Ålesund rådhus

Foto: Jaja Architects

Når sydsida av Ålesund skal byggjast ut, kan det bli etter teikningane frå eit dansk arkitektfirma.

-Om fire år vil spada vere i jorda, og om ti år er delar av området bygt ut, trur ordførar Bjørn Tømmerdal.

Danskane ser blant anna for seg å bygge ei eiga kulturhamn med bustader, terasser, musikkhus, flytande scene og galleri sør for dagens rutebilstasjon. Dei planlegg også å skape nye sund og viker. Sjå vinnarforslaget her.

Har ikkje trua

Hellebroa i framtida

Hellebroa i framtida

Foto: Jaja Architects

– Eg håper planane er realistiske, men eg trur ingenting, seier varaordførar Geir Stenseth (Frp). Danskane har også foreslått firefelts motorveg over Hellebroa, men det ler politikarane av.

-Forslaget ser flott ut, men det blir nok ikkje fullt bygt ut i mine levedagar, seier Stenset.

Underskriftskampanje

Det var underskriftskampanjar og stort oppstyr for to år sidan fordi Ålesund kommune ville regulere sydsida av byen, utan å lyse ut arkitektkonkurranse.

Bystyret snudde i saka og laga ein idékonkurranse, der det kom inn 30 forslag. I går vart det klart at det var det danske arkitektfirmaet JAJA Architects som gjekk av med sigeren.

Les også:

Kulturhamna

Vinnaren av konkurransen tenkjer seg ei kulturhamn i Ålesund med teater, musikkhus, restaurantar og flytande scene

Foto: Jaja Architects

Private skal betale

Og det er slett ikkje slik at Ålesund kommune skal betale prislappen. Det er det private utbyggjarar som skal gjere.

– Kommunen eig kaiområde og vi vil legge til rette for dei som er interessert, seier Tømmerdal.

Altfor optimistisk

Selskapet Keiser Willhelmskvartalet har vore interessert i området og var i si tid ein pådrivar for å få sydsida av Ålesund regulert. Dei såg for seg å bygge kontor og næringsareal i området.

– Fire år til utbygging er altfor optimistisk. I Ålesund tar planleggingsarbeid mykje lengre tid, seier Albert Krohn-Dale Aarøe. Han er dagleg leiar i Keiser Willhelmskvartalet, og meiner at det å få på plass gode vegløysingar vil vere tidkrevjande.

Vil ikkje betale

Han synest fleire av dei innkomne forslaga er spanande, men er usikker på om dei er i samsvar med det byen har behov for.

-Kulturkvartal er spenstig, men kven skal betale for moroa? spør Aarøe. Han har aldri hatt planar om å bygge konserthus.

Sundbyen

Ålesund kan bli ein sundby, med fleire nye sund og viker.

Foto: Jaja Architects

Kloke val

 Ørnulf Opdahl

Ørnulf Opdahl er optimist og trur utbygginga av Ålesund kan starte raskt.

Ørnulf Opdahl er styreleiar i Stiftinga Kjell Holm, som har engasjert seg sterkt for utbygginga av Ålesund. Han er svært optimistisk og meiner at det er realistisk å starte bygginga allereie om fire år.

– Alt kviler på politikarane no. Det er dei som må gjere kloke val. Det er eit gigantisk ansvar dei har, men eg håper dei er sitt ansvar bevisst, seier Opdahl.

Vegen vidare

Idévinnarane skal no samarbeide med planavdelinga til Ålesund kommune for å utvikle ein områdeplan. I fylgje ordføraren kan dette arbeidet ta rundt eit år, og planen skal så vidare til politisk behandling. Kommunen sitt eigedomsselskap må også ut og finne interessentar, gjennom ein salskonkurranse.

– Styrken til vinnarutkastet er at det kan byggjast trinnvis, seier ordførar Bjørn Tømmerdal.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL