Hopp til innhold

Framtida for sydsida er klar

Bystyret i Ålesund stemte ned forslag om heilskapleg arkitektkonkurranse for sydsida.

Asbjørn Ruthgerson (Tvp) og Eva Vinje Aurdal (Ap)

Asbjørn Ruthgerson (Tvp) saman med Høgre og Frp fekk til slutt gjennomslag for forslaget om ikkje å halde arkitektkonkurranse. Eva Vinje Aurdal og resten av venstresida er skuffa.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Torsdag vart forslaget frå Høgre, Tverrpolitisk Liste og Frp vedteke med 26 mot 23 stemmer.

Forslaget opner for at bystyret kan halde arkitektkonkurranser for dei kvartala dei ønsker.

Asbjørn Ruthgerson (Tvp) meiner dette vil få fortgang i utbygginga.

- Vi har nokon som er villig til å sette i gang og dei kan starte på dei premissane bystyret har lagt opp, seier han.

- Det gjeld for rutebilsentralen og trafikale løysingar og det dei har ønska å legge i det området.

Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner dette øydelegg for eit heilheitleg intrykk av byen.

- Det er som å dele ut kakestykka før kaka er pynta, seier ho.

Venstresida var svært skuffa over utfallet.

Video nsps_upload_2009_6_19_12_20_24_1534.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.