Jubelen står i taket i rosenes by etter at Molde FK tok imot kongepokalen på Ullevål søndag ettermiddag. Etter 4-2 sigeren mot Rosenborg er tidenes cupfinalefest på trappene på Bjørnsonhuset i Molde. Litt over 22 landa MFK-spelarane i Molde, klare til å innta byen og festen.
Spelar opp til dans
Sjølve cupfinalefesten vil gå føre seg på Bjørnsonhuset ved Seilet Hotel i Molde.
Det er gratis inngang, men 18-årsgrense på grunn av alkoholservering. Skjenkinga stenger kl. 02, men gjestar kan til å bli verande for feiringa så lenge dei vil, opplyser hotellresepsjonen. Dørene opna klokka 20.
På same fly som MFK-spelarane, kjem duoen Frank og Tolle som vil stå for musikken under festen.
Tapas-middag
Cupvinnarlaget vil etter planen lande på Årø mellom klokka 21.30 og 22. Derfrå drar dei til vestsida av Aker Stadion. Frå ei provisorisk scene vil dei møte folk på parkeringsplassen mellom stadion og hotellet, fortel MFK-marknadssjef Oddvar Talset til Rbnett.no
Spelarane vil sidan få i seg ein tapas-middag på Seilet før dei blir med på cupfinalefesten i Bjørnsonsalen – truleg i 23-tida.
Live-dekning
NRK har eit team i Molde utover cupfinalekvelden som vil følge stemninga i rosenes by. Dei er også på plass når moldespelarane kjem til byen seint søndag kveld.
Klokka 22.00 starta live-streaminga frå cupfinalefesten.
- Følg med her:
Følg også med på nrk.no/mr for fleire videoar og nettsaker frå cupfinalefesten i løpet av kvelden.
Sjå video frå Molde etter sigeren: