Hopp til innhold

Slik skal insekt bli til fiskefôr

Teknologien og planane er på plass. No vil Mattilsynet innføre nye reglar slik at insekter kan brukast til fiskefôr.

Larvar insekt

Slik blir larvane dyrka fram: I kasser fulle av matavfall.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Alt i november kunne NRK Møre og Romsdal fortelje om planane om å bruke larvar i som dyrefôr. I første omgang var planen å hente ut feitt og protein frå larvane og bruke dette i fór til hundar. No er nye reglar på trappene slik at proteinet og feittet frå larvane kan brukast som fôr til oppdrettsfisk.

– Ei mangelvare

Larvane skal dyrkast fram blant matrestar i store bingar i ein fabrikk i Stordal. Larvane består av 70 prosent vatn. Resten er tørrfôr der ein finn proteinet og feittet.

Harald Espeland

Harald Espeland er forretningsutviklar i Norinsect.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Animalsk protein er eit svært godt råstoff å ha i dyrefôr, også i fiskefôr. Det er ei mangelvare. Det blir brukt svært mykje vegetabilsk protein slik situasjonen er i dag, seier Harald Espeland, forretningsutviklar i Norinsect.

Dei nye reglane som tillèt bruk av innsektar på denne måten blir no sende ut på høyring. Reglane er identiske med regelverk som gjeld i EU. Med bruk av protein frå innsektar kan næringa redusere importen av raps og soyaolje frå Sør-Amerika.

– Insekt er ei kjempegod proteinkjelde som får laksen til å vekse. Og i framtida treng vi nye fôrresursar, seier Erik-Jan Lock, forskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.

Nytt i Noreg

Om om lag eitt år kan det bli produsert om lag 5 tonn larvar i døgnet i Stordal. I dag er det ingen konkurrentar i Noreg som lagar fôr av insektar.

– Dette er nytt i norsk samanheng. Det er ganske nytt i Europa også. Ute i den store verda blir det brukt mykje insekt, også til menneskeføde. Men i Europa er det ganske nytt, seier Harald Espeland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL