Hopp til innhold

Desse larvane skal bli til mat

Dei er proppfulle av protein og i Stordal er det over ein million av dei. Larvane kan bli eit nytt tilskot til ei verd som hungrar etter mat.

Larvar

Dei ser kanskje litt ekle ut? Men dette skal bli god mat. I første omgang er det hundar som får glede av det. Etter kvart kan andre dyreslag og fisk kome etter.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Førebels skal du sleppe å putte dei i munnen sjølv. Larvane i fabrikklokala i Stordal skal brukast som dyrefôr.

– Dette er ein berekraftig produksjon. Larvane kan bruke organisk materiale som ikkje kan brukast til andre ting. I andre enden får vi ut eit animalsk protein som er mangelvare i verda, seier prosjektleiar Harald Espeland i Vekst Stordal.

Harald Espeland viser fram larvane

Harald Espeland i Vekst Stordal viser fram larvane som blir dyrka i Stordal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I første omgang er det Passopp som skal få nyte godt av proteinane i larvane. Det vil seie at det er hundefôr som ligg først i løypa i dette prosjektet. Larvane kjem til å bli brukte både i Noreg og i utlandet.

I Stordal satser man på produksjon av larver til dyrefor.

I produksjonslokala står dei kvite kassene rad på rad i metallstativ. I kassane aular det med larvar som buktar og bendar seg mellom eggekartongar og organisk materiale som er fôr for larvane. Det tek fire til seks månader frå larven er fødd til han kan utnyttast.

– Først tek vi livet av dei. Så hentar vi ut proteinet og feitt. Dei består av om lag 70 prosent vatn. Resten er tørrstoff der vi finn blant anna proteinet og feittet, fortel Espeland.

Else-May Botten studerer larvar

Stortingsrepresentant Else-May Botten fekk i dag eit innblikk i larveproduksjonen i Stordal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I dag fekk også stortingspolitikarar helse på larvane.

– Dette er harmoniske, små insekt som også kan bli til fôr. Dette er bra og det er smart tenkt, seier stortingsrepresentant Else-May Botten. Det er kjempefint at det går an å lage næring ut av dette.

Stordal var tidlegare kjend for møbelindustri. Men dei siste åra har bygda mist mange arbeidsplassar.

Når vi kjem opp i fullskalaproduksjon skal vi i alle fall ha fem arbeidsplassar. På sikt kan det bli meir, seier gründer Peder Stavdal Vikenes.

Peder Stavdal forklarer til Else-May Botten

Peder Stavdal Vikenes fortel om framtidsutsiktene for larveproduksjonen i Stordal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I første omgang er det hundane som skal få gleda av å ete proteinet frå larvane. Etter kvart kan larvane også bli brukte i fiskefôr.

No får vi svar på testane som vi er i gang med. Etter kvart skal vi vere klar med produkt til dei som produserer dyrefôr av ulikt slag, seier Harald Espeland.