Hopp til innhold

Satsar på insektproduksjon i Stordal

I halvanna år har Peder Stavdal Vikenes i Stordal testa ut insektproduksjon i småskala. No satsar han stort i Stordal.

Insekt på norske matfat

Illustrasjonsfoto: I Stordal vert det no satsa på for fullt på insektproduksjon.

Foto: Privat

– No har eg hatt god tid til å teste ut kva som fungerer bra og kva som fungerer dårleg. Eg meiner at å bruke insekt som ingrediensar i dyrefôr er svært gunstig, seier Peder Stavdal Vikenes.

Vikenes i Stordal etablerar no verksemda NorInsect, og saman med NIFES (Nasjonalt Institutt For Ernærings- og sjømatforsking) skal han gjennomføre eit analysearbeid som skal undersøke om kvaliteten på insekt blir påverka av kva dei blir fôra med. Prosjektet er støtta av regionalt forskingsfond i Midt-Norge.

– Insekt et det meste, og ulike kvalitetar kan nyttast til forskjellige formål. Det er noko av det dette prosjektet vil vise oss, seier Vikenes.

Vil satse breitt

Parallelt med analysearbeidet skal NorInsect AS i samarbeid med Vekst i Stordal like på nyåret gripe fatt i arbeidet med forretningsplan og kommersialiseringsstrategi.

Peder Stavdal Vikenes og Harald Espeland

Peder Stavdal Vikenes og Harald Espeland satsar på insektproduksjon.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette prosjektet er midt i blinken for oss. Vi ønskjer å støtte opp under slike tiltak innanfor mat- og næringsmiddelproduksjon, og vi synest at dette er ein spennande ide, seier Harald Espeland, prosjektleiar i Vekst i Stordal.

Han trur at marknadsmoglegheitene er store både nasjonalt og internasjonalt, og ser fram til å utvikle verksemda vidare i lag med Vikenes.

– Eg har vore så heldig å få følgje Peder og samarbeide med han det siste året, og det er spennande å sjå alle moglegheitene som er innanfor insektproduksjon, seier Espeland.

Målet vårt er å kunne starte opp ein kommersiell insektproduksjon innan kort tid.

– I utgangspunktet ønskjer vi å satse på ei kommersialisering av dei mest gunstige kombinasjonane av fôr og insekt, fortel Vikenes.

Matproduksjon

Til grunn for satsinga ligg ei analyse av behovet framover for protein. Vikenes fortel at dei i første omgang berre skal satse på produksjon av dyrefôr, men ser ikkje bort ifrå at det også kan bli produksjon av insekt som mat til menneske i framtida.

– Insektproduksjon er ein berekraftig måte å produsere protein på, og det er noko ein treng stadig meir av i tida som kjem, seier Espeland.

– I mellomtida vil det vere aktuelt å nytte insekt som ingrediensar i dyrefôr, seier Vikenes. Eg trur dette vil kome meir og meir også i vår del av verda, men det vil ta noko tid. I mellomtida vil vi nytte insekt som ingrediensar i dyrefôr, seier Vikenes.