Hopp til innhold

– Det blir dagkirurgi ved senteret i Kristiansund

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, går inn for at det blir etablert eit distriktsmedisinsk senter med dagkirurgi i noverande Kristiansund sjukehus. Det distriktsmedisinske senteret skal stå i tett samarbeid med det nye akuttsjukehuset på Hjelset.

Espen Remme

Administrerande direktør Espen Remme la tysdag fram dei konkrete planane for det nye sjukehuset på Hjelset i Molde og for distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dagkirurgien i Kristiansund blir innan ortopedi og gynekologi. Senteret skal etablerast i det noverande sjukehuset i Kristiansund. Og det er éin tredel av dagkirurgien som skal gå føre seg i Kristiansund og to tredeler skal gå føre seg på Hjelset.

– Det skal vere dagkirurgi også på Hjelset. To av seks operasjonsstover skal vere i Kristiansund. Alt av dagkirurgi skal ikkje vere i Kristiansund. Det som er i Kristiansund er ein del av biletet, sa administrerande direktør Espen Remme.

– Utgangspunktet er samfunnsoppdraget. Vi skal gje eit best mogleg tilbod til innbyggarane. Det gjer vi gjennom fagmiljøa våre. Dagkirurgi i Kristiansund er ein veg for å få til dette, seier Espen Remme til NRK.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, la fram planane for nytt sjukehus på Hjelset og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Den framtidige spesialisthelsetenesta

Det var omfattande planar som blei lagde fram i dag. Planane seier både kva det nye sjukehuset på Hjelset skal innehalde, og kor omfattande det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund skal bli.

– No skal vi skape den framtidige spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal, sa direktør Espen Remme under opninga av pressekonferansen i dag.

– Eg har vore fri til å tilrå det eg meiner har vore det beste. No får vi til ein god modell med akuttsjukehuset på Hjelset og eit godt distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Dette blir eit godt tilbod til befolkninga, seier Remme til NRK.

– Best mogleg tilbod til befolkninga

Det var administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, som la fram si innstilling til styret. Planen skal endeleg godkjennast av styret i Helse Midt-Noreg. Han kalla dagen i dag og dagen for styremøtet i Helse Møre og Romsdal som ein viktig milepæl for utviklinga av nytt sjukehuehus på Hjelset og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

– Det handlar om å sikre befolkninga i Møre og Romsdal eit best mogleg tilbod. Det vi har valt er den mest framtidsretta løysinga. No skal vi samarbeide med kommunane for å sikre best moglege tenester, sa han.

Espen Remme la vekt både på korleis befolkningsutviklinga i Møre og Romsdal er, og korleis dette får innverknad på sjukdomsbiletet i fylket.

– Vi skal bygge robuste fagmiljø som skal gje best mogleg tilbod til innbyggarane, sa Remme.

Alternativa for lokalisering av distriktsmedisinsk senter i Kristiansund er for det første det eksisterande sjukehuset i nordmørsbyen. Det andre alternativet har vore Storhaugen-tomta i Kristiansund.

Administrerende direktør Espen Remme innstiller på at det blir to operasjonsstuer på distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Kristiansunderne er lettet men jubler ikke.

– Unngå negativ utvikling av fagmiljøa

Espen Remme sa under pressekonferansen at det har vore viktig å unngå ei negativ utvikling av fagmiljøa ved sjukehusa. Han legg no også opp til eit nært samarbeid med kommunane i samband med det distriktsmedisinske senteret. Og han la ikkje skul på at alternativet som er valt aukar kostnadene ved prosjektet.

– Dagkirurgi på to stader gir ein meirkostnad på to millionar kroner samanlikna med å samle all dagkirurgi på ein stad, sa Remme. Vi skal finne løysingar som ikkje aukar kostnadene for mykje. Men her var kostnadsforskjellane ikkje så store, seier Remme til NRK.

Det nye sjukehuset skal kunne endrast etter kvart som behova endrar seg.

– Alle nye sjukehusbygg legg opp til at ein skal kunne endre bruken av areala, sa Remme. Vi legg opp til stor fleksibilitet, sa han.

Innstillinga skal no opp i styremøte i Helse Møre og Romsdal 25. november og i Helse Midt-Noreg 8. desember. Deretter sender Helse Midt-Noreg søknad til Helse- og omsorgsdepartementet. Det er planlagt oppstart av forprosjektet i januar 2017.

Espen Remme tok også opp spørsmålet om kva som skal skje med den delen av sjukehuset i Kristiansund som blir ståande ledig når det nye distriktsmedisinske senteret er bygd.

– Eg vil gå i dialog med Kristiansund kommune og eigedomsutviklarar for å få ned risikoen ved prosjektet. Helse Møre og Romsdal er ikkje eigedomsutviklar, sa Remme.

Formannskap Kristiansund

Formannskapet i Kristiansund sat samla og fulgte med på dagens pressekonferanse.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Lettelse i Kristiansund

I Kristiansund var spenninga stor framfor pressekonferansen. Jubelen sto ikkje i taket. Men det var positive kommentarar som kom frå ordføraren.

Det skal litt meir til for at det blir jubel i Kristinsund. Men dette var ein lettelse. Vi er glade for at direktøren har lytta til oss. Det er viktig å behalde fagmiljøet. Det kan også føre til eit betre samarbeidsklima. Vi er avhengige av å ha operasjonsstuer i Kristiansund og vi er glade for at direktøren har lytta til det, seier ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard.

Akuttsykehuset ved Hjelset.