Hopp til innhold

Straks avslører han kvar han vil sende folk på sjukehus i framtida

Administrerande direktør Espen Remme avslører i ettermiddag om han vil sende nordmøringane til Molde om dei treng mindre kirurgiske inngrep. Følg pressekonferansen på nettsidene våre.

Espen Remme legger fram konseptrapport

Mange er spente på kva administrerande direktør Espen Remme har kome fram til. Klokka 14 lettar han på sløret.

I dag skal det skrivast eit nytt kapittel i striden rundt sjukehustilbodet for Nordmøre og Romsdal.

Dei færraste tvilar lenger på at det nye sjukehuset blir bygd på Hjelset i Molde, men det siste sverdslaget har stått om innhaldet på det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund.

Medan nordmørsordførarane vil at alle som treng mindre ortopediske og gynekologiske inngrep skal sendast til Kristiansund, vil romsdalingane samle all kirurgi i Molde.

Tysdag klokka 14 offentleggjer administrerande direktør Espen Remme sitt syn, og pressekonferansen kan du følgje på sidene våre.

Styret i Helse Møre og Romsdal behandlar saka 25. november, og styret i Helse Midt-Norge avgjer saka i desember.