Hopp til innhold

Eit travelt år for mannen bak Klypa

Thomas N. Ryste frå Ørsta kan sjå tilbake på eit tettpakka år med mykje Klypa-humor. Moromannen ligg likevel ikkje på latsida, og allereie til hausten blir det nye sprell frå karakterane Palle, Kjell «Kjellen» Bigset og Strila-Petter.

Kjell "Kjellen" Bigset

Bussjåføren og tidlegare ferjemann, Kjell «Kjellen» Bigset er den mest kjende karakteren til Thomas N. Ryste frå Ørsta.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Komediesuksessen Klypa starta i det små i Ørsta for 14–15 år sidan, og held fram med å vekse seg større for kvart år som går. Moromannen bak fenomenet Klypa, blir aldri lei av å vere morosam.

– Det har vore ein heilt fantastisk haust og pågangen har vore ubeskriveleg.

– Det har jo vore nedgangstider i dei fleste område i år, så eg trudde kanskje at eg også ville merke det. Slik har det ikkje vore, og det er utruleg kjekt, seier Thomas N. Ryste, som er mannen bak karakterane Palle, Kjell «Kjellen» Bigset og Strila-Petter.

Har turnert land og strand

Fenomenet Klypa har over tretten millionar visingar på Youtube. På det meste har ein av filmane blitt sett heile 500.000 gonger i løpet av eitt døgn. Ryste ligg ikkje på bakbeina av den grunn.

– Eg jobbar kvar dag for å bli betre og med å utvikle førestillinga og karakterane. Det hjelper sjølvsagt på at interessa no er større enn nokon gong, seier han.

Klypas far

I over ti år har Thomas Ryste frå Ørsta utvikla Klypa-karakterane sine.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Han synest det er ekstra kjekt at Klypa ser ut til å fenge publikum fleire stadar i landet, og ikkje berre på Sunnmøre.

– I starten var det litt overraskande å kome til Harstad kulturhus og oppleve at folk synest showet var bra. Dei siste åra har det auka på med fans frå heile landet og det set eg veldig stor pris på, seier Ryste som har reist land og strand med dei ulike Klypa-showa sine dei siste åra.

Han trur sosiale medium har ein stor del av æra for at han når breitt ut med karakterane sine.

– Eg får god hjelp av sosiale media som Facebook, Youtube, Instagram osv., og eg bruker også mykje tid på å dele ting på desse plattformene, seier Ryste.

Familien er viktig

I nesten to år og fire månader har Ryste turnert med sitt nyaste show «Klypa – Seiler i Beltestredet». Dermed blir det mange reisedøgn for Ryste i løpet av eit år, og moromannen kan ikkje huske den siste helg han var heime i Ørsta.

Kjellen

Slik er vi mest vand til å sjå Thomas Ryste. Her som karakteren og bussjåføren Kjell «Kjellen» Bigset.

Foto: Skjermdump / YouTube/klypatheshow

– Eg er stor sett vekke kvar einaste helg. Det blir ei vanesak etter kvart, seier han.

Ryste fortel at han er takksam for støtta han får frå familie og vener.

– Eg har ei flink og kjekk kone som spelar på lag med meg, og som forstår det eg held på med. Det er ho som styrar kontoret og som tek seg av bookinga. Så når folk synest eg er lite heime, så seier eg berre at det må dei ta opp med ho. Det er jo ho som sender meg vekk, seier Ryste lattermild.

– Vi har funne ei måte der det fungerer for oss som familie. På den andre sida kan eg vere meir heime i vekene slik at eg får tatt igjen for ein del av det eg går glipp av i helgene, held han fram.

Satsar vidare

Trass i stor suksessen så langt er Ryste no klar for å satse vidare med Klypa-showet. Eit nytt show er allereie under planlegging.

– Eg har alt byrja på eit nytt show som skal ha premiere i september 2016. Så det har vore knallhard jobbing den siste tida, og det blir det enno meir av det i komande året, seier han.

Men først skal Ryste ta ein velfortent juleferie heime i Ørsta.

– Julefeiring blir det tid til, i alle fall litt, seier han med eit smil.