Hopp til innhold

Slik får du torsken på kroken

Torskefisket er i gang, og i Borgundfjorden i Ålesund er det eit yrande liv både over og under overflata. Men kva skal eigentleg til for at torsken skal bite?

Borgundfjordfisket

Mange hadde tatt turen til Borgundfjorden laurdag ettermiddag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Oversiktsbilete Borgundfjorden

I blikstille ver kan det vere verd turen, sjølv om fisken ikkje bit.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Medan sola blenkjer i sjøen, duppar snøra opp og ned frå dei mange båtane som ligg inst inne i Borgundfjorden. Med mektige fjell som bakteppe og bysentrum som næraste nabo, har fjorden fått rykte for å vere ei spektakulær fiskeoppleving i gytesesongen.

Per Farstad

Per Farstad er ikkje vond å be når dei frammøtte vil ha fisketips.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Her er det berre å vente, seier fiskar Per Farstad på Havstål.

Han har lang erfaring, og veit at fisken sjeldan bit midt på dag. Dei som kan dette best er ute tidleg eller seint, då er torsken lettare å lokke.

Vil lære folk å fiske

Odd Arne Hofseth

Odd Arne Hofseth følgjer med frå rorhuset på «Havstål».

Foto: Jannicke Farstad / NRK

For det er ikkje slik, sjølv ikkje i Ålesund, at alle kan dette med fisking. Difor arrangerer Ålesund og Jeger og Fiskeforening gratis fisketur for dei som har lyst. Turen blir arrangert i samband med «Torsken kommer»-festivalen i regi av Ålesund sentrumsforening.

På fiskebåten «Havstål » står Odd Arne Hofseth bak roret. Både han og Farstad er røynde og veit kva som skal til. Og dei deler gjerne.

– Det er klart det finst nokre triks, seier Hofseth.

Farstad viser villig vekk til dei som har møtte opp. Og sjølv om fisken uteblir, står det ikkje på kunnskapen folk får med seg i land.

Per Farstad

Per Farstad instruerer og inspiserer før snøret går ut.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Slik får du torsken på kroken:

I blenkjande sol sit små og stor fiskarar spente fiskarar og venter på Borgundfjordtorsken.

Frå hav til fat

Det blei ikkje den store fangsten denne gongen. Men er du heldig nok til å få ein gyteferdig torsk på kroken, er eventyret enno ikkje over. Før du kan ete, skal fisken både sløyast og fileterast – heller ikkje det enkelt for dei som ikkje har prøvd det før.

Artur Pinho

Som sushikokk må Artur Pinhol vere pinleg nøyaktig. Men filetering kan dei fleste greie, meiner han.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Det er mange som ikkje heilt veit korleis dette skal gjerast, men med godt utstyr og litt trening, kan dei fleste greie dette fint, seier sushikokk Artur Pinho.

Sjølv har han lang trening og viser dei som ønskjer det korleis det skal vere.

Det er viktig med ein god kniv og ei stødig hand, seier han.

Sjå triksa til sushikokken her:

Slik fileterer ein ekte sushikokk torsk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL