Hopp til innhold

Slik blir sjukehusa i Ålesund og Volda forma

I desse dagar blir føringane lagt for korleis bygningane på sjukehusa i Ålesund og Volda skal utviklast. I dag var arbeidet med dei bygningsmessige planane i full gang.

Ålesund sjukehus eksteriørt

Hovuddelen av nybygga, uansett alternativ, vil ligge i tilknyting til den nordlege delen av sjukehuset i Ålesund. Det vil seie på nordsida, og mot aust og vest.

Foto: Ann Eli Nøsen

Den bygningsmessige utviklingsplanen handlar om alle institusjonane til Helse Møre og Romsdal, med unnatak av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal som skal byggast på Hjelset. Og i første omgang er det sjukehusa i Volda og Ålesund som står i fokus. Dei mindre institusjonane skal gjennomgåast seinare.

Helse Møre og Romsdal har hatt store økonomiske utfordringar og raude tal i fleire år. Med mange store prosjekt på planane i dei komande åra, blir det store spørsmålet: Har ein økonomi til å gjennomføre planane for sjukehusa i Ålesund og Volda? Ja, meiner Helge Ristesund, assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal.

– Dette må vi finne råd til. I tillegg må vi vise gjennom god økonomisk drift at vi har pengane.

– No har vi tatt oss råd til å bygge det nye fellessjukehuset på Hjelset, noko som både var rett og viktig. Men vi må også ha vilje og evne til å få til utvikling på Sunnmøre. Difor har vi også lagt inn rammer i langtidsbudsjettet for å utvikle sjukehusa i Volda og Ålesund, seier Ristesund.

– Viktig å bli involvert

Utviklinga av helsetilbodet til folk i Møre og Romsdal skal styrast etter to hovudplanar. Den eine planen gjeld kva helsetilbod som skal ytast ved dei forskjellige institusjonane. Den andre planen handlar om korleis bygningane til Helse Møre og Romsdal skal utformast.

Ingeborg Henriksen

Ingeborg Henriksen, varahovudtillitsvalt i Yngre Legers Forening, seier det er viktig at dei tilsette har blitt involvert i prosessen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Deler av innhaldet i den bygningsmessige utviklingsplanen blei kjend delvis gjennom media i oktober 2017. Den gongen kom det fram sterke reaksjonar blant dei tilsette som klaga på manglande involvering.

Arbeidet med planen blei sett på vent og det blei organisert nye møteseriar der dei tilsette skulle få høve til å kome med meiningane sine. Det er denne møteserien som no er i full gang. Ingeborg Henriksen, varahovudtillitsvalt i Yngre Legers Forening, er nøgd med at dei no har blitt involvert i arbeidet.

– Eg synest at helseføretaket har lagt opp til ei brei og god involvering av både fagfolk, tillitsvalde og andre helsepersonell. Denne involveringa har vore med på å gi oss tiltru til prosessen, seier ho.

Satsar både i Ålesund og Volda

Henriksen vektlegg at det er nokre område som hastar meir enn andre.

– Eit nytt akuttmottak, ei ny intensiv og eit nytt isolat er tre viktige satsingsområde. Men vi veit også at dette er ein utfordrande prosess som kjem til å ta tid, og så må vi også godta at det tek tid slik at det blir best mogleg, seier ho.

Helge Ristesund

Helge Ristesund, assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal, vektlegg at helseføretaket skal få råd til dei planlagde forbetringane i Volda og Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Totalt er det tenkt fem ulike scenario for Ålesund og tre for Volda. Både Henriksen og Ristesund innrømmer at det er nokre alternativ som peiker seg meir ut enn andre.

– Dei som jobbar ute blant pasientane tilrår ei klar retning, både i Volda og Ålesund. I Ålesund peikar det mot ei utvikling som går i fleire trinn med fleire utbyggingar. I Volda er det derimot ei større og omfattande ombygging som blir tilrådd, seier han.

Ristesund meiner at utviklingsplanane for dei to sjukehusa viser ei offensiv satsing frå helseføretaket.

– Det vi legg fram no viser at leiinga har klare ambisjonar for begge desse sjukehusa, seier han.

Bygningsmessig utviklingsplan for sjukehuset i Ålesund

Utviklinga av Ålesund sjukehus er tenkt ut frå 5 ulike scenario. Det første scenarioet er ei avgrensa utbygging med nybygg mot nord og vest, der sengepostar og operasjonsstover blir liggande som i dag.

Ålesund scenario 1

Nybygg NORD inneheld ny hovudinngang med kantine i 1. etasje og nukleær medisin i andre. Nybygg Vest inneheld ny intensivavdeling, poliklinikkareal og kontorareal. Dette vil gje areal i eksisterande bygg til intermediærpost, PCI og utvida areal til poliklinikk. Sengepostar skal behaldast der dei ligg i høgblokk og lågblokk, men kan få nytt areal i nord og ved ei ombygging til fåsengsrom. Operasjonsstovene skal behaldast der dei er i dag.

Foto: Helse Møre og Romsdal

I det andre scenarioet blir det også to nybygg, der det blir sengepostar og der det blir teke i bruk nye areal for operasjonsstover og fødeavdeling.

Ålesund scenario 2

Nybygg NORD inneheld ny hovudinngang med kantine på plan 1 og nukleærmedisin på plan to. Nybygg vest inneheld senger, poliklinikkareal laboratorium og kontor. Dette frigjev areal i eksisterande bygg til intermediærpost, PCI og utvida areal til poliklinikk og kontor. Sengepostar blir ein kombinasjon av nye senger i nybygg og oppgradert sengeareal i høgblokk og lågblokk som i scenario nr. 1. Operasjon og intensiv skal behaldast slik dei ligg i plan 2, men får avlasting av ein intermediærpost plassert i lågblokka på plan 2. Føde skal flyttast ned til lågblokk på same etasje som operasjon på plan 2.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Scenario 3 er ei meir omfattande utbygging, der det i tillegg til nybygg mot nord og vest også blir bygt nytt mot aust. I dette alternativet blir det både sengepostar og operasjonsstover i nybygga.

Ålesund 3

Nybygg NORD inneheld ny hovudinngang med kantine på plan 1 og nykleærmedisin på plan 2. Nybygg VEST er her planlagt som eit reint sengebygg i fem etasjar. Då blir det frigjort areal i låg- og høgblokka til kontor og poliklinikk. Lågblokka blir då eit reint poliklinikkbygg ved sidan av det nye sengebygget og medisinske spesiale kan ha sin etasje med senger og poliklinikk. Nybygg AUST inneheld ny operasjonsavdeling på plan 2. Då blir det frigjort areal til ombygging til intensiv i eksisterande areal og føde i eksisterande intensivareal. Sengepostar blir ein kombinasjon av nye senger i nybygg og oppgradert sengeareal i høgblokk, med hovudtyngd på nye senger. Operasjon skal flyttast til nybygg.

I Scenario 4 skal det byggast både mot aust og vest, med operasjonsstover i nybygg og med sengepostar i ei ombygd eksisterande lågblokk.

Ålesund scenario 4

Nybygg VESTER her planlagt som eit sengebygg i 5. etasjar, men med føde/barsel i plan 2. Då blir det frigjort areal i låg og høgblokk til kontor og poliklinikk. Nybygg AUST inneheld ny operasjonsavdeling. Då blir det frigjort areal til ombygging til intensiv i eksisterande PET, Nukleær og PCI. Sengepostar blir ein kombinasjon av nye senger i nybygg og oppgradert sengeareal i lågblokk, med hovudtyngd på nye senger.

Foto: Helse Møre og Romsdal

I det femte alternativet blir det berre bygt mot nord. Bygget skal i så fall innehalde ny hovudinngang med kantine, laboratorier og sengepostar. Dette skal frigjere areal i lågblokk og høgblokk til forskjellige funksjonar.

Ålesund scenario 5

I dette scenariet blir det planlagt berre eitt nybygg mot nord. Bygget inneheld ny hovudinngang med kantine. PET, nukleær, laboratorium og nye sengepostar. Dette frigjev areal i lågblokk og hovudblokk til diverse funksjonar.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Bygningsmessig utviklingsplan for sjukehuset i Volda

Utviklinga for Volda sjukehus er tenkt ut frå 3 ulike scenario. I det første scenariet skal det byggjast to tilbygg som betrar tilhøva blant anna på akuttmottaket og poliklinikk.

Volda sjukehus scenario 1

Scenario 1 inneheld eit mindre tilbygg som gjev arealauke og betre løysing for akuttmottak, poliklinikk, intensiv/postoperativ, laboratorium og delvis sengeområde. Sengepostane skal i hovudsak behaldast slik dei er, men får i tillegg 4–6 einsengsrom i kvar etasje. Operasjon blir tatt vare på, men får økt areal til postop. og intensiv.

Foto: Helse Møre og Romsdal

I det andre scenarioet skal det byggast eit nytt behandlingsbygg over parkeringsplassen på nordsida av det eksisterande bygget.

Volda scenario 2

Eit nytt behandlingsbygg med operasjon og intensiv kan byggast over parkeringsplassen på nordsida av eksisterande bygg. Areal i eksisterande bygg bli frigjort og gjev plass til dagbehandling, poliklinikk og endoskopi. Medisinsk poliklinikk kan vurderast å bli flytta til plan to. Akuttmottak får kanskje auka areal. Laboratorium beheld plassering og kan få noko tilleggsareal i eksisterande poliklinikk. Sengepostar skal behaldast, men kan få nokre einsengsrom. Operasjon får heilt ny løysing i nybygg.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Og i det tredje skal det byggast eit nytt sengebygg på same stad, eit bygg som vil frigjere areal i det eksisterande bygget.

Volda scenario 3

Akuttmottak kan få auka areal til observasjonspost. Sengepostar får ny løysing med standardiserte einerom med eige bad. Operasjon blir behalde slik det er i dag.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Planane blir lagde fram for styret i Helse Møre og Romsdal 21. februar. Der skal utviklingsretninga peikast ut. Deretter skal det lagast plan for finansiering og gjennomføring.