Hopp til innhold

Må spare 200 millionar i 2018

Helse Møre og Romsdal har eit tøft år i vente. Budsjettforslaget som vart lagt fram i dag viser at dei må spare 200 millionar kroner neste år.

Molde sjukehus

INNSPARING: Budsjettforslaget viser tøffe innsparingar i Helse Møre og Romsdal framover. Neste år må dei spare 200 millionar kroner.

Foto: Roar Strøm / NRk

Espen Remme

Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi har store utfordringar i forhold til den økonomiske situasjonen i helseføretaket, men vi er sterk i trua på at vi saman med våre tilsette og med gode forbetringsprosessar skal handtere utfordringa, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme.

For å sette i gang bygginga av det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skulle helseføretaket spare 100 millionar kroner både i 2016 og 2017. Det klarte dei ikkje. I år ligg dei an til eit overforbruk på 118 millionar kroner. Ifølgje direktøren peikar pilene likevel i rett retning.

Skal ikkje gå utover pasientane

– Vi har eit oktoberresultat som viser betring på løn og på aktiviteten vår. Vi ser rett og slett ei betring allereie, legg Remme til.

Dei viktigaste tiltaka er å få betre kontroll på varekostnader og ei betre styring av turnusane til helsepersonell. Helseføretaket skal også behandle fleire pasientar.

– Det å ha godt belegg, god aktivitet på operasjonar er viktig for oss, fortel direktøren.

Korleis vil pasientane merke det?

– Det å gi pasientane eit godt tilbod er kjerneoppgåva vår. Vi kjem til å fortsette å prioritere det og det er på andre område vi må prøve å handtere dette her, seier Remme.

Skal ikkje hindre utbygging av nytt sjukehus

Å mislykkast med innsparingane og dermed ikkje kunne bygge det nye sjukehuset, er ikkje ei problemstilling, meiner direktøren.

– Vi skal få det til, så det er eigentleg ikkje ein diskusjon. Det handlar om at innbyggjarane i Møre og Romsdal skal ha eit best mogleg tilbod. Samla sett så er bygginga av sjukehuset for Nordmøre og Romsdal ein del av løysinga, seier Remme og legg til:

– Vidare skal vi utvikle sjukehuset Ålesund og Volda, så skal vi få til dette saman.