Slik blir Hødd-festen i Oslo

Vassendgutane og ein kraftig profilering av kulturen ved havet i Nordvest skal skape stor cupstemning i Oslo. Hødd har valt Youngstorget som sin base cupfinalehelga.

Hødd pressekonferanse

Lars-Petter Rønnestad i Hødd og Ante Giskeødegård i arrangørselskapet Momentium under pressekonferansen på Høddvoll-huset onsdag formiddag.ø

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Sjølve cupfinalen mellom Hødd og Tromsø skal spelast søndag 25. november. Men festen byrjar alt på fredagen. Og det blir arrangement både på fredagskvelden, og både om formiddagen og kvelden laurdag.

– Det blir eit cupfinaleforspel med smell i. Vi startar på Youngstorget allereie klokka 19, sa medie- og marknadskonsulent Lars-Petter Rønnestad.

Cupfinale telt

Slik skal det sjå ut på Youngstorget cupfinalehelga.

Foto: Fantastiske Osberget / Illustrasjon

Mange artistar deltek

Programmet blir ei blanding av kjende og mindre kjende artistar, både frå Ulstein og frå kommunane rundt.

– Fredrik Steen, mannen bak Hildegunn Moltubakk, får ei sentral rolle. Personar bak den lokale Skjemtegauk-festivalen, skal halde humøret på topp, sa Rønnestad.

Cupfinale telt

Her ser vi Youngstorget frå høgda i Folketeaterbygningen. Heile torget blir teke i bruk.

Foto: Fantastiske Osberget / Illustrasjon

Vassendgutane kjem

Det kjem til å bli mykje musikk. Og blant dei største og mest kjende artistane er Vassendgutane.

– Her blir det cupfinalesongar, vi har mange grupper som vi ikkje har alle avtalane på plass med enno. Expose to failure, med låta som går som ein farsott blir med. Og vi avsluttar med Vassendgutane frå klokka 23 og utover, sa Rønnestad.

Youngstorget cupfinale

I den søraustlege delen av Youngstorget blir det mindre telt og salsboder. Sjøgata, kallar Hødd dette.

Foto: Fantastiske Osberget / Illustrasjon

– Mange tusen kjem

På Youngstorget blir det bygt opp nærmast som ein nordvestlandsk kystby. Her skal sponsorar få profilere seg. Det blir sett opp 12 telt Folketeater-enden av Youngstorget.

– Det kjem mange tusen menneske, og vi skal bygge opp ein heile by. Vi har fått det største området som var tilgjengeleg desse dagane. Dette blir stort, seier arrangør Ante Giskeødegård frå arrangørselskapet Momentium.

Youngstorget - cupfinale

Her får du fullt oversyn over korleis Hødd har tenkt opplegget på Youngstorget cupfinalehelga.

Foto: Fantastiske Osberget / Illustrasjon

– Eit mini-Sunnmøre

Laurdag blir det trubadurar i eitt av telta i 12-tida. Det blir ei massemønstring på Youngstorget med eit gratis arrangement der

– Hit kjem Wilhelm Støylen frå Barne-TV. Han er frå Kvamsøya. Youngstorget skal sjå ut som eit mini-Sunnmøre, sa marknadssjef Sindre Eid.

Under presentasjonen blei det nemnt namn som Fredrik Steen, Jan Åge Fjørtoft, og Åge Hareide. Det kjem Hødd-legender frå mange forskjellige tiår. Og cupfinaleheltane skal hyllast.

– Vi skal gi spelarane ein skikkeleg piffar, sa Rønnestad.

– Det store på kvelden er cupfinaleshowet laurdagen frå 21-tida. Det blir eit stjernespekka show. Det blir stort og vi gler oss til ei voldsom oppleving, sa Sindre Eid.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.