Hopp til innhold

Slik arrangerer du festival

Fredrik Ødegård Nilsen frå Brøvøllsfestivalen i Sykkylven gir deg tipsa for å arrangere ein festival med overlevingsevne.

Brøvøllsfestivalen

Brøvøllsfestivalen i Velledalen i Sykkylven har vekse seg større år for år. Trikset er å skilje seg ut frå andre festivalar, seier festivalarrangørane.

Foto: Brøvøllsfestivalen

Fredrik Ødegård Nilsen

Festivalarrangør Ødegård Nilsen seier det er mykje å tenkje på for den som arrangerer festival.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Vi prøver å vere ein festival for alle, seier Fredrik Ødegård Nilsen (25) om suksessen til Brøvøllsfestivalen i Velledalen i Sykkylven på Sunnmøre.

Med eit ønske om å skape litt liv på heimplassen, tromma han og nokre vener saman ein ghettoblaster, nokre trepallar og heimebrygga øl for 30 gjestar. Det er sju år sidan. Førre helg var det 2500 besøkande på den åttande utgåva av festivalen.

Eldsjeler og dugnadsånd

Kosebu

På Brøvøllsfestivalen både store og små stiller opp for at festivalen kan gå rundt.

Foto: Brøvøllsfestivalen

25-åringen og sju andre vennar jobbar året rundt for å halde festivalen i gang. Før dei knapt har telt myntane frå helga som var, har dei allereie hatt sitt første planleggingsmøte for 2015-utgåva.

– Eldsjeler er utruleg viktig for at slike små festivalar kan halde det gåande. Men støtte frå lokalsamfunnet er kanskje det aller viktigaste, seier Nilsen og understrekar at utan frivillige hadde det heller ikkje blitt noko festival.

Ein tredjedel av dei drygt 600 innbyggjarane i Velledalen troppar opp år etter år for å hesje, setje opp telt, stå i baren og gjere vakthald.

– Slikt skapar eit godt samhald i bygda og gjer det dessutan ekstra kjekt å arrangere festival, seier Nilsen.

– Skil deg ut

Brøvøllsfestivalen

Skiltet «Welcome to fabulous Las Velledalen» kviler på ei nyslått hesj. Brøvøllsfestivalen i Velledalen er ikkje som andre festivalar.

Foto: Brøvøllsfestivalen

Berre i Møre og Romsdal er det seks ulike festivalar denne helga, og på landsbasis er det langt fleire. Medan somme har halde på i fleire tiår, kjem det stadig nye til. Det er langt frå gitt at ein klarer å overleve år etter år. Forutan ei ihuga dugnadsand, er det viktig å skilje seg ut, meiner bookingsjefen.

– Vi tenkte nøye gjennom konseptet før vi gjekk i gong for alvor, og det bør også andre gjere som ønskjer å starte opp ein festival: «– Kvifor skal folk kome? Korleis skal vi skilje oss ut?»

For å treffe breiast mogleg i heimområdet, valde Brøvøllsfestivalen derfor å bli ein humorfestival.

Brøvøllsfestivalen

Ein festival som fenger barn slår alltid an, meiner arrangørane bak Brøvøllsfestivalen.

Foto: Brøvøllsfestivalen

– Vi tenkte; «humor, det likar alle», forklarar Nilsen. Fleire av Noregs fremste komikarar har opptredd på arrangementet som har blitt kjent for sine spektakulære opningsshow.

Eitt år starta festivalen bokstaveleg tala med eit pang med raus dynamittbruk, medan sykkylvsordføraren drog i gong motorsaga på opningskvelden eit anna år. Snorklipping utanom det vanlege, der altså.

– Vi er nok ikkje som andre festivalar i nærleiken, og ønskjer heller ikkje å vere det. Som humorfestival er det lettare å treffe ei brei gruppe i alle aldrar, seier 25-åringen Til dømes var Sputnik årets overrasking for dei litt eldre, medan barna fekk besøk av kjende og kjære ansikt frå NRK Super.

– Må tole dårleg billettsal

I år gjekk det knakande bra for besøkstala til Brøvøllsfestivalen. Dermed kan arrangørane setje til sides litt sparepengar i tilfelle billettsalet ikkje skulle gå like bra neste år.

– Vi sel 60 prosent av billettane i døra, og alle som kjenner det skiftande sunnmørsvêret, veit at det er lett å berre bli heime på ein uvêrsdag. Det er heilt klart økonomisk risikosport vi held på med, seier han.

Rådet til andre som vil drive med festival er der for å tenkje seg godt om når ein set opp budsjettet, og spare unna der ein kan.

– Då toler ein litt nedgang i billettsalet, og det må ein berre rekne med ein gang i blant, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL