Sommerfesten
Foto: Remi Sagen / NRK

Festivalen utan mål om overskot

Kvart år gamblar musikkfestivalar millionar på at folk vil sjå og høyre nettopp artistane dei har booka. Sommerfesten på Giske har gått med underskot i ti år – utan plan om å slutte.

– Vi har eit mål kvart år om at det skal gå rundt økonomisk. Vi har ikkje heilt nådd dit førebels, men vi håper på sikt, flirer Ante Giskeødegård.

Han er gründer av festivalarrangøren Momentium, saman med søskenbarnet Lars Berg Giskeødegård. Momentium blei starta opp i 2008, fem år etter at den første Sommerfesten på Giske hadde blitt arrangert.

Lars Berg Giskeødegård og Ante Giskeødegård

Ante Giskeødegård (t.h.) og Lars Berg Giskeødegård spelte saman i The Margarets i mange år, før dei i 2008 starta festivalarrangøren Momentium. Allereie i 2003 hadde dei derimot initiert Sommerfesten på Giske. Her frå Jugendfest, den andre av i alt tre store musikkfestivalar dei arrangerer på Sunnmøre.

Foto: Elisabeth Gjøsund

NRK møter han der Momentium har kontor og Sommerfesten blir arrangert – på den vesle øya Giske.

Måtte avvise 150 band som ville spele gratis

Det starta som ein svært liten spleisefest i fjøra på heimøya. To gonger Giskeødegård spelte begge i The Margarets i 2003, og første utgåva av festivalen var ein større vennefest bandet inviterte til.

– Då var vi 50 personar, så det er ganske stussleg i forhold til kor mange som er her no, sa Ante til NRK under festivalen i 2008.

– Eg hadde aldri trudd at det skulle bli så stort. Det har utvikla seg av seg sjølv, innrømma han for seks år sidan.

Då kom det over 10.000 menneske på Sommerfesten. Året etter, i 2009, hadde talet på besøkande bikka 15.000. Festivalen hadde blitt svært så attraktiv – også for band og artistar.

Før festivalen i 2010 måtte Momentium seie nei til 150 band. 60 band stod på festivalplakaten det året, mellom andre Damien Rice, Karpe Diem og Susanne Sundfør.

– Det er veldig kjekt at det har blitt sånn rift om å spele på Sommerfesten, samstundes er det litt kjipt å seie nei, sa Giskeødegård.

Det raraste av alt med alle banda som håpte på sceneplass på Sommerfesten? Alle ville spele gratis!

Nachspiel i havgapet

Musikkfestivalen har blitt kalla ein «spleisefest». Folk har tatt med ymse mat, delt med andre og hatt det kjekt saman. I inngangen kan publikum legge igjen pengar i ei «spleisekasse». Dette i staden for inngangsbillett.

– Folk kan gi så mykje eller lite dei vil i inngangen. Det går an å gå inn heilt gratis om du vil, eller du kan donere ein slant. Vi håper jo folk gjer det slik at dette kanskje kan gå rundt, seier Giskeødegård før festivalen i 2014 – den ellevte i rekkja.

Festivalen har vore eit utstillingsvindauge for unge og framadstormande artistar og lokale artistar. I tillegg ligg den lokalisert i svært vakre område. Maria Mena stilte gratis tre år på rad.

– Eg må ærleg talt innrømme at eg synest eg får meir betalt i opplevingar. Eg håper at dei føler at dei får nok tilbake frå meg, eller så må eg vurdere å melde meg som frivillig også, slik at eg føler eg bidrar, sa Mena til NRK i 2010.

Mena og Karpe Diem

Maria Mena (t.h.) og Karpe Diem har begge delte på Sommerfesten ved fleire høve. Her under Nobels Fredspriskonsert i 2012.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Ho tipsa mellom andre Karpe Diem om festivalen. Dei returnerte for andre gong i 2012.

– Det heile minner meg litt om eit nachspiel. Alle kjem og betaler det dei føler for, og kjøper øl og høyrer på musikk, sa Chirag Patel til Sunnmørsposten i 2012.

Både hiphopduoen og Mena skrytte seg slitne i praten om Sommerfesten – heilt ute i havgapet på Sunnmøre.

På sommardagar med litt sol ser omgivnadene til festivalen ut som på bildet under – tatt éi veke før Sommerfesten 2014.

Giske

Sommerfesten på Giske har utsikt og omgivnader som kvar ein festival kan sikle etter. Karpe Diem

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Førtidobling av folketalet

Det meste har tilsagt suksess, i alle fall publikumsmessig. Folket på Sunnmøre trykte i alle fall festivalen raskt til brystet. Etter over 20.000 frammøtte i 2010 kom det endå fleire i 2011.

Sommerfesten

Ante Giskeødegård i telefonen utanfor bygget der Sommerfesten 2014 skal servere mat og drikke. Hjarte og slagordet «Peace, love and understanding» har blitt spikra opp før årets festival. På den kvite veggen kan «Mørebad» skimtast – ein tidlegare eigar.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Det eine året var her opp mot 30.000 på øya. Det er eit anslag, men når her vanlegvis bur litt over 700 menneske så er det eit lite sjokk. Det seiast at det på det meste har vore fleire musikarar enn innbyggjarar på øya, fortel Giskeødegård.

– Talet, 30.000, det stig vel nokre tusen for kvar gong historia blir fortalt?

– Nei, det gjer nok ikkje det, flirer han, før han greier ut.

– Det var i 2011 vi hadde ein topp. Det kan diskuterast om det var 30.000, 22.000 eller 25.000. Det veit vi ikkje sikkert, for vi hadde ikkje eit nøyaktig teljesystem. Det var i alle fall enormt mykje folk.

Festivalen i 2011 var i tillegg ekstra spesiell – arrangert berre éi veke etter terroråtaket 22. juli. Arrangøren var ikkje i tvil om at Sommerfesten ikkje skulle avlysast, og det heile blei ei massiv og vakker markering med musikk.

Dei delte ut titusenvis av hjarte som publikum brukte under ei minnemarkering.

Hjerter

Slik såg det ut i 2011 på Sommerfesten, éi veke etter terroråtaket 22. juli.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Ordføraren: – Idealistar utan like

Ordføraren i Giske kommune i Møre og Romsdal, Knut Støbakk (KrF), hugsar den massive folkemengda i 2011.

Ordfører i Giske Knut Støbakk(KrF)

Giske-ordførar Knut Støbakk (KrF) kan ikkje få rosa Sommerfesten og Momentium nok for det dei har gjort for Giske og regionen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det seier seg sjølv at det aldri har vore så mykje folk på Giske før. Utanom dei heilt første gongane er det aldri så mykje folk på Giske som under Sommerfesten.

Han rosar arrangementet – og arrangøren – opp i skyene. «Sett kommunen på kartet», «utruleg bra for heile regionen» og ordet «fantastisk» fell frå 60-åringen Støbakk.

– Eg er utruleg imponert over det desse ungdomane ... Nei, no er dei no ikkje ungdomar lenger!, flirer ordføraren, som har kjent karane bak Momentium lenge.

Det dei har gjort for kulturen i kommunen og regionen er uansett fantastisk, meiner ordføraren.

– Dette er idealistar utan like. Vanlegvis når nokon startar noko, så er det for å tene pengar på det etter kvart. Men dei er meir opptekne av det sosiale og det å dele ei oppleving. Kva dei går ut totalt sett med etter Sommerfesten skal eg ikkje seie så mykje om, men eg veit jo at det har vore underskot. Likevel held dei fram på same måten! Det er det mest fantastiske, seier Støbakk til NRK.

For underskot er det, ti år på rad. Alt tydar på 11 år med underskot. Men kva gjer du vel ikkje for barna dine?

Ante Giskeødegård

Ante Giskeødegård ser opp på at skilta til den nye lokalølbaren blir hengt opp. Mykje må i mål før Sommerfesten 2014 går av stabelen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

«Hjartebarnet»

– Det er generelt superkjekt å arrangere festival, og alle festivalane er kjekke. Det å arrangere Jugendfest på Color Line Stadion i Ålesund, med kjempestore artistar, gedigen produksjon og «tjåkfullt» med folk – det er eit kick, fortel Ante Giskeødegård.

Til stadionfestivalen deira, like ved Ålesund sentrum, kjem mellom andre David Guetta, Veronica Maggio, Kvelertak og Alphaville. Midtsommerjazz er allereie ferdig for året.

– Men Sommerfesten er hjartebarnet vårt. Det var den vi byrja med, den er heilt spesiell for oss. Det er heilt nede i fjøresteinane her på Giske. Det er hjartebarnet, rett og slett, slår Giskeødegård fast.

I funky lokale planlegg han og Momentium tre festivalar og mykje anna gjennom dei tre årstidene utan sommarfestivalar. Sommerfesten på heimebane er eit elska kostnadssluk for arrangøren.

Sommerfesten

Det nærmar seg nok ein Sommerfest på Giske på Sunnmøre.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Skal ikkje gå i overskot

– Den skal ikkje gå i overskot. Vi prøver å få ting til å gå rundt. Det har det ikkje gjort så langt, men vi nærmar oss. Så på sikt kan vi kanskje klare det, seier ein lystig festivalgründer.

Han viser oss rundt på festivalområdet. Alt av skilt er laga for hand i tre, det skal seljast lokal øl, lokal mat og det skal delast ut mat og kaker som tradisjonen tilseier.

– Det er eit lite mål at festivalen skal kunne gå i null. Men målet er jo å lage eit fantastisk arrangement for folk, som dei tek med seg vidare og lever på til neste år. Anten det er for frivillige, artistar eller publikum. Det er det som motiverer oss.

Fjorårets festival blei eit mellomår for festivalen. Litt økonomi måtte dei nemleg tenkje, for underskota blei vel store og i 2012 flytta dei seg nokre hundre meter vestover på Giske – heilt inntil eigne kontor. Der hadde dei sitt eige område, men publikumstalet måtte ned til 5000.

– Vi måtte skalere ting litt ned, før vi no byggjer det opp igjen. Det er vanskeleg å seie, men vi forventar 5-10.000 menneske, fortel Giskeødegård før årets festival.

Under kan du sjå bilde frå Sommerfesten 2013.

The Prodigy

Keith Flint og The Prodigy har drege folk til Jugendfest.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Finansiert av andre festivalar

Som festivalarrangør hadde botnlinja sett betre ut dersom hjartebarnet blei kasta på havet. I dag finansierer dei «spleisefestivalen» med andre festivalar i Jugendfest og Midtsommerjazz.

– Det hadde vore nedlagt for lengst om det var vår einaste festival. Vi har vore heldige sidan andre festivalar dreg litt lasset økonomisk. Det gjer at vi har høve til å halde fram med Sommerfesten, sjølv om vi har mål om at Sommerfesten kan stå på eigne bein, seier Giskeødegård.

David Guetta har selt tusenvis av billettar for Momentium til Jugendfest. Midtsommerjazz har vore eit stort plussprosjekt dei siste åra. Den idylliske festivalen på heimøya er noko heilt anna – på alle måtar.

Sinéad O'Connor

Sinéad O'Connor har vore trekkplaster på Midtsommerjazz.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Det er ein smeltedigel for alt mogleg, og det skal det vere. Dei som står på scena på Sommerfesten har eit veldig sterkt ønskje om å vere der. Dei har lyst å vere med, har lyst å spele for folk her og har lyst å vere med på heile Sommerfest-greia. Så derfor blir det litt annleis enn alle andre festivalar.

– Det er kanskje målet òg?

– Det er absolutt målet. Sommerfesten skal få lov å vere heilt seg sjølv og vere noko anna enn alt det andre, meiner Giskeødegård.

Thomas Talseth

Thomas Talseth er ein av VG sine røynde musikkanmeldarar. Han omtalar Sommarfesten som artistane sin sommarcamp.

Foto: VG

VG-Talseth: – Artistane sin sommarcamp

Det har det truleg blitt også. Sunnmøringar, eksilsunnmøringar og folk utanfor fylket tek turen kvart år. Eksilromsdaling Thomas Talseth, musikkanmeldar i VG, har sjølv vitja festivalen.

– Sommerfesten lèt etter seg eit svært godt inntrykk. Bra organisert, nydelege omgivnader og ei imponerande artistrekkje med tanke på gratiskonseptet, seier han til NRK.

– Festivalen har etablert seg som artistane sin sommarcamp med opplevingar, meiner Talseth.

Den Oslo-buande romsdalingen meiner festivalen er noko for seg sjølv.

– Eg vil sitere ein musikar i eit band som spelte på Giske då eg var der: «Det er berre sunnmøringar som greier å lage ein festival ut av ingenting.»

Ante Giskeødegård

Festivalgründeren og musikaren gler seg stort til å ta imot folk til den ellevte Sommerfesten i rekkja. Han håper vêret er cirka like bra som det han stod i ti dagar før festivalen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ingen illusjonar

Frå vennefest i fjøra til gigantisk musikkfestival. Ut av ingenting. Etter vennefesten har det derimot vore enorme mengder hard jobbing.

– I sommar skal faktisk heile organisasjonen vår ha tre veker ferie for første gong på ti år. Vi har flytta Sommarfesten litt fram i tid, så vi har litt pause før Jugendfest. Eg trur alle gler seg til å få reist vekk litt, seier Giskeødegård.

Lars Berg Giskeødegård, Anniken Huitfeldt og Ante Giskeødegård

Dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) blei svært imponert over det Lars Berg Giskeødegård (t.h.) og Ante Giskeødegård (t.v.) har fått til med Momentium og Sommerfesten.

Foto: Stian Grytten / NRK

– Klarer de å ta ferie då?

– Det står igjen å sjå, men det håper eg. Og det håper kona mi òg!, humrar den lystige mannen med krølla hår.

Han seier han gler seg til å ta ferie på ein opptur, for Sommarfesten vil gå kjempebra, meiner Giskeødegård. I alle fall sett opp mot musikken og publikumsoppmøte.

– Vi har ingen illusjonar om å tene mykje pengar på dette, då er ein i feil bransje. Det er relativt høg risiko og liten sjanse for å bli veldig rik. Men ein blir verkeleg rik på opplevingar og det er fantastisk å få lov til å vere med på dette.

Sommerfesten

Siste touch blir lagt på festivaloversikta. Scener, mat, sponsorar og barneaktivitetar har sine plassar.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Vêrutsett knaus

På den vêrutsette øya i havgapet er det meldt opplett og om lag 13 varmegrader neste laurdag. Det kan bli perfekt.

– Vi bur jo på ein knaus på Sunnmøre. Sjølv om sommaren kan det vere liten storm og pissregn. Men det blir vel opplett og 12–13 grader, og det er heilt på det jamne – sunnmørssommar på sitt beste, gliser Giskeødegård.

Rigginga før festivalen er godt i gang, artistane gler seg og arrangøren sitrar etter å ta imot folk.

– Vi arrangerer Sommerfesten så lenge det er kjekt, fortel Ante Giskeødegård medan han ser utover eit solkledd sunnmørslandskap.

Per no er det lite som tyder på at «hjartebarnet» ikkje skal bli kjekt å arrangere i mange år fram i tid. Den neste utgåva startar altså laurdag 5. juli.

Ante Giskeødegård i Momentium fortel om hjartebarnet Sommarfesten. Underskot i alle år, likevel arrangerer dei festivalen år etter år.

Høyr eit lite utdrag frå intervjuet med Ante Giskeødegård før Sommerfesten 2014.