Slår saman fødeavdelingane

Styret har vedteke å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Lokaliseringa blir i Molde. Tidspunktet for samanslåing er ikkje klart, men ifølgje vedtaket skal det skje så snart som råd etter sommaren. Fleire representantar ville ha ein samla plan for funksjonsfordeling mellom sjukehusa. Andre representantar åtvara mot at dette ville påføre fagmiljøa og lokalmiljøet ytterlegare sår.

Styret øsnkjer også ha ha tunge funksjonar og oppgåver ved Kristiansund sjukehus fram til SNR står klart.