Det er i hovudsak rømt oppdrettslaks som no trugar villfisken i elva, seier Kroken.
Han meiner tilstanden er kritisk og fryktar konsekvensar for turistnæringa i området.
Turistmagnet
For mange turistar kjem til Rauma nettopp for å prøve fiskelykka i den kjende lakseelva.
Men dersom laksen forsvinn fryktar Kroken kosekvensar for turistnæringa.
Krev tiltak
Få elver i Noreg har ein like stor andel oppretsslaks som Rauma, og i håp om å stoppe den negative utviklinga, har Åndalsnes og Romsdal reiselivslag no sendt brev til mellom anna Miljødepartementet og mattilsynet.
No krev dei at noko blir gjort for å hindre at villlaksen forsvinn for godt.