Hopp til innhold

Skullerud: – Dette betyr mykje for klubben

Molde-trenar Tor Ole Skullerud har internasjonal erfaring frå tida som U21-trenar, men torsdag får han debuten sin i europacup. Der meiner han serieleiaren må ha med seg eit godt resultat.

Tor Ole Skullerud

Molde-trenar Tor Ole Skullerud, her etter sigeren førre fredag mot Aalesund, ser fram til å møte slovenske Gorica.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg har store forventningar til at vi skal slå dei på heimebane. Det er eit godt lag, men det er eit lag vi absolutt skal ha moglegheit til å slå ut over to kampar. Så heime først håper vi å få med oss eit godt resultat før vi skal til Slovenia, seier Skullerud.

Det er den slovenske cupmeisteren ND Gorica som gjestar Aker Stadion torsdag. Dei blei nummer fire i den slovenske ligaen i fjor, men gjorde som Molde og tok gull i cupen.

– Ein sterk prestasjon, og dei var gode på slutten av sesongen der nede. Vi har sett dei i oppkøyringa til kampen, og dei har bytta ut ein del spelarar, så sånn sett er det ikkje enkelt å vite heilt kva vi møter, meiner Molde-trenaren.

Han er derimot tydeleg på at det er eit godt lag frå ein god fotballnasjon.

– Så det blir tøft, seier Skullerud.

Magne Hoseth jubler for cupgull

Magne Hoseth blei matchvinnar for Molde då dei tok cupgull i 2013.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Ikkje enkelt nålauge

Han meiner europacup, og kvalifisering til europaligaen, er ein kjempespennande arena for dei unge i klubben.

– Dei framadstormande spelarane våre får ein ny arena å prøve seg på. Det er nytt for ein del å spele europacup, og dette er både eit fint utstillingsvindauge og ein utviklingsstad for dei.

Skullerud er også tydeleg på at avansement heilt til gruppespelet i europaligaen er viktig for Molde.

– Det betyr mykje for klubben, vi har veldig lyst inn i eit gruppespel. Då må vi gjennom tre rundar. Det er ikkje eit enkelt nålauge, men vi har veldig lyst å få det til.

Håper på tett kampprogram

Molde er framleis svært godt med i kampen om både serie- og cupgull her heime.

– Vi må rigge det til slik at vi har ein brei nok stall som kan kjempe på alle tre frontar. For vi har lyst til å vere med på tre arenaar. Vi likar å spele kampar, så då håper vi på mange kampar i månadane som kjem, fortel Skullerud.

Dei ekstra kampane trur han Molde-stallen vil tole.

–¨Vi har ein brei og god stall her, som vi har vore fornøgde med så langt, og så jobbar vi med å utvikle det vidare no.

Seinast er Lillestrøm-midtstoppar Ruben Gabrielsen så å seie klar for Molde. Han er i Molde og forhandlar om si personlege kontrakt, samt å gjennomføre medisinske testar, medan klubbane seg imellom er einige.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL