Hopp til innhold

Skulle destruerast, vart delikatesse

Ein million aure som Mattilsynet først kravde destruert hjå Fjordlaks i Ålesund er seld som førsteklasses fisk til Japan.

Fiskeslakting i Storfjorden

Mattilsynet ville slakte den VHS-smitta fisken. Fjordlaks nekta. No er den seld som fyrsteklasses mat til Japan.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

Mattilsynet ville gjennomføre naudslakting av fisken, men Fjordlaks fekk dispensasjon til å drive anlegget vidare - og det er no fritt for virus.

Dagleg leiar Anita Pedersen i Fjordlaks Aqua er letta over at dei slapp å slakte fisken.

Fjordlaks Aqua sitt anlegg på Stranda

Fjordlaks fekk påvist VHS i anlegg på Stranda, og måtte slakte to millionar tonn. Seinare fekk dei pålegg om å slakte endå eit tonn, men nekta.

Foto: Are Pilskog / NRK

- Det er flott for arbeidsplassane som vi har, vi har jo eksistert i 36 år, seier Pedersen. I fjor vår påla Mattilsynet Fjordlaks å slakte to million ørret på grunn av at fisken var VHS-smitta.

- Måtte lagt ned

Då Mattilsynet på seinsommaren nok ein gong fann VHS-smitte på nokon av oppdrettsanlegga, fekk Fjordlaks ordre om å slakte ein million aure og brakklegge anlegga. Fjordlaks protesterte, og fekk til slutt dispensasjon av Mattilsynet til å drive anlegga vidare.

- Resultatet av at vi vann den kampen er at vi kunne gå vidare. Dersom vi måtte slakte den fisken måtte vi kanskje lagt ned, seier ho, og meiner at dei ikkje ville hatt økonomi til å drive vidare.

No er viruset borte, og fisken blir altså selt som førsteklasses vare til Japan, skriv Fiskeribladet Fiskaren. Men regiondirektør i Mattilsynet for Trøndelag og Møre og Romsdal, Bjørn Røthe angrar ikkje på at dei ville slakte også den fisken.

- Positivt unntak

- Vi tok utgangspunkt i det som då var truleg utfall av sjukdomsutviklinga. Vi fekk i gang ein god dialog med eigar, som gjorde det klart at fisken skulle følgast opp nøye med sjukdomsovervåking og prøvetaking.

- Slik sett viser den siste lokaliteten som har blitt god matfisk, eit positivt unntak i driftsopplegg og sjukdomsutvikling.

Takka vere eit godt samarbeid med Mattilsynet kunne Fjordlaks kvitte seg med siste rest av den smitta fisken i går.

- Vi har eit godt forhold til regionkontoret, seier Anita Pedersen om deira samarbeid med Mattilsynet.

Under kan du lese alt NRK Møre og Romsdal har skrive om VHS-smitta fisk i Storfjorden.

2008:

2007: