Hopp til innhold

Alvorleg smitte i Storfjorden

Mattilsynet har påvist VHS-smitte i rømt oppdrettsaure i Storfjorden.

Regnbueørret med VHS

Regnbogeaure med VHS-smitte.

Foto: Mattilsynet

Eli Brunstad Høydal i Mattilsynet stadfestar dette.

I forrige veke leverte Fiskeridirektoratet inn ei anmeldelse etter at det vart påvist rømt oppdrettsaure i fjorden.

Eli Brunstad Høydal, distriktssjef i Mattilsynet

Eli Brunstad Høydal er distriktssjef i Mattilsynet.

Foto: Are Pilskog / NRK

Dette er svært alvorleg og set 13 oppdrettsanlegg og villaksen i Storfjorden i fare, seier Høydal.

- Vi er svært uroa over situasjonen. Dette er ei alovrleg smitte, seier Høydal.

Konsekvensar

VHS-smitte er ein sjukdom som er kategorisert som ein a-sjukdom. Slik smitte kan få store politiske konsekvensar for Noreg.

- Noreg er ei frisone når det gjeld denne sjukdomen. I verste fall kan det føre til handelsrestriksjonar, seier Høydal.

VHS-sjukdom

I følge Mattilsynet er VHS ein virussjukdom som først og fremst råkar regnbogeaure, men den er også sett hos ei rekke andre fiskeartar.

Viruset gir ikkje sjukdom på menneske.

Hemoragisk septikemi betyr at viruset gir uttalte blødningar og spreiing i organismen via blodet. Akutt sjukdom artar seg ved høg dødelegheit, blødningar i hud, muskulatur og indre organ, anemi, utståande auge og utspilt buk.

Måtte slakte

I mars måtte Fjordlaks slakte to millionar aure frå eit av oppdrettsanlegga sine i Storfjorden. Dei fekk påvist VHS-smitte i november i fjor.

Fiskeslakt Storfjorden

Fjordlaks måtte slakte 2 millionar VHS-smitta aure i mars i år.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er ikkje kjent om den rømde regnbogeaura i Storfjorden kjem frå Fjordlaks.

Det har ikkje vore påvist VHS i Noreg sidan 1974, og dette er første gong den er påvist i saltvatn.