Hopp til innhold

Tiltak mot VHS

Mattilsynet vil utvide kontrollsona for VHS-smitte i Storfjorden. Dei meiner utviding av sona må til for å kunne bekjempe fiskesjukdommen.

Fiskeslakting i Storfjorden
Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

Sona vil i praksis dekke heile fjorden frå Stranda inn til Tafjord.

Felles brakklegging

Innanfor dette området skal det ikkje produserast meir enn det som kan avsluttast fram mot ei felles brakkleggingsperiode for heile sona.

Det er Fjorlaks sine anlegg som blir mest råka av desse endringane, men det lykkast ikkje NRK å kome i kontakt med bedrifta fredag kveld.

- På bakgrunn av VHS smitten i fjor og i år må vi utvide kontrollsona, det fortel regiondirektør i Mattilsynet, Bjørn Røthe Knudsen.

Heile fjorden

Forslaget er sendt ut på høyring med frist til å kome med innspel sett til 1.september.

I dag er det mindre kontrollsoner i området, men Mattilsynet meiner at heile Storfjorden frå Stranda og inn til Tafjord bør vere inkludert.

Det er Fjordlaks Aqua som vil merke konsekvensane av utvidinga mest.

- Sona skal vere eit redskap for å sikre minst mogleg smittespreiing ut av sona og ein skal ikkje ha større produksjon inne i sona enn at ein kan avslutte fram mot ei felles brakkleggingsperiode for heile sona, avsluttar Røthe Knudsen.