Hopp til innhold

Nytt regelverk rundt VHS

Nytt regelverk for korleis ein skal handtere fiskesjukdommar i oppdrettsanlegg kan komme Fjordlaks til gode.

Fjordlaks Aqua sitt anlegg på Stranda
Foto: Are Pilskog / NRK

Det er på nytt påvist smitte av sjukdommen VHS på eitt av Fjordlaks sine anlegg i Storfjorden.

Men frå 1. august blir sjukdommen degradert, og vil ikkje lenger vere karakterisert som ein av dei mest alvorlege fiskesjukdommane.

Knut Rønningen i Mattilsynet seier at statusendringa kan ha konsekvens for korleis dei vil handtere det nye smitteutbrotet i Storfjorden.

- Det er ei sak som kan påverke avgjerda, seier han.

VHS nedgradert

1. august i år trer eit nytt regelverk for handtering av fiskesjukdommar i kraft.

Og det kan få konsekvensar for avgjerda som Mattilsynet skal ta etter at det på nytt er påvist smitte av fiskesjukdommen VHS på eitt av Fjordlaks sine oppdrettsanlegg.

Då VHS smitte vart påvist på Fjordlaks sine anlegg i Storfjorden november i fjor, vedtok Mattilsynet at all fisken skulle slaktast. Av dei vart ein million småfisk destruert.

Men frå 1. august i år blir fiskesjukdommen VHS nedgradert frå å vere ein klasse 1 sjukdom til klasse 2.

Strategien står fast

Det betyr at sjukdommen ikkje lenger blir rekna som av dei mest alvorlege fiskesjukodmmane, der smitta fisk MÅ slaktast.

Knut Rønningen som er seksjonsleiar ved ventar no på svar frå Fiskeridepartementet på kva den nye regelverket vil seie for handteringa av fisken som er VHS- smitta:

- Mattilsynet sin strategi i høve til den handteringa vi har hatt tidlegare står førebels fast, og så får vi då vurdere kva som vidare skal skje etter kvart som saka går framover, seier Rønningen.

Og kampen til Fjordlaks i førre runde er ikkje med på å påverke denne avgjerda no, fortel han.

Regnbueørret med VHS
Foto: Mattilsynet