Oddmund Hovden frå Ørsta sette garn rett utanfor hytta si for å få torsk til jul, men endte opp med 18 småhaiar i staden for. Hågjelen lever eigentleg på djupt vatn, heilt ned til 700 meter.
– Allereie på første meteren eg drog, dukka det opp ein småhai i garnet. Og nedover sjøen såg eg at det var hågjel alle stader, seier Hovden.
Det var Møre-Nytt som først fortalde historia.
Fekk sjokk
To gongar i månaden plar Oddmund Hovden sette ut trollgarn, slik at han og kona får fersk torsk på middagsbordet. Han har sett garn på same staden på Berkneset heilt sidan 1952 og har aldri opplevd makan.
Garna var på 10–25 meters djupn. Hovden trur at det kan vere matmangel i fjorden og at det er difor hågjelen var så nær fjøresteinane.
– Eg fekk jo eit sjokk, men eg veit jo at haien ikkje har nokon tanngard eg måtte passe meg for, ler Hovden.
Aldri høyrt før
Jan Einarsen er akvarist og ekspert på livet i havet. Han synest historia er unik.
– Eg aldri høyrt at folk har fiska hågjel så grunt før. Og slett ikkje at dei har fått så mange samstundes, seier Jan Einarsen.
Hågjelen lever vanlegvis nært havbotnen og finst sjeldan grunnare enn 100 meter. Ein og annan gongen vert haien fiska på 50 meter, meiner akvaristen.
– Vi har ingen fasit på kva som har skjedd. Det treng slett ikkje vere noko dramatisk eller mangel på mat, seier Einarsen.
Lysare farvatn
Han forklarer at økosystemet og miljøet dyra lever i er stadig i endring
Ei forklaring kan vere, i fylgje akvaristen, at det ikkje var nokon andre som fiska på denne staden og at Hovden fekk haiane i ein augneblink der dei var i lysare farvatn.
– Noko har skjedd slik at fiskane gjekk opp i grunnare farvatn, men det er vanskeleg å finne ut kvifor, seier Einarsen.
Kasta fisken
Men å byte ut torsk med hågjel på middagsbordet er ikkje aktuelt. Kona til Oddmund nekta å ete den og ikkje har den røynde hobbyfiskaren gode oppskrifter heller.
Då Oddmund Hovden la nokre av småhaiane på ein stein, slik at måsane fekk forsyne seg, var det heller ingen som ville ha. Fisken vart difor kasta.
– Hågjel er ikkje rekna for å vere god mat, så eg får prøve torskelukka igjen før jul, seier Hovden.