Hopp til innhold

- Det er ein parodi, eg har gitt opp

Arvid Rusten (67) overlevde brannen på Scandinavian Star, men var vitne til at 159 andre omkom. Han er skuffa over rapporten som Stortinget fekk torsdag.

Arvid Rusten

Arvid Rusten frå Sykkylven overlevde dødsbrannen på Scandinavian Star. Han hevdar det har gått prestisje i saka, og at det ikkje lenger er vilje til å få fram sanninga om korleis brannen starta.

Foto: Privat

Torsdag kl. 12 blei den nye rapporten om brannen på Scandinavian Star overlevert Stortinget. Her støttar granskingskommisjonen politiet i at det ikkje finst bevis for sabotasje eller økonomisk motivert brannstifting.

Arvid Rusten frå Sykkylven overlevde dødsbrannen, då han var på veg til Danmark på bordtennisturnering med ein trenar og fem born. Han er svært skuffa over rapporten.

– Det er ein parodi, eg har gitt opp heile saka, seier Rusten torsdag ettermiddag.

Han omtalar brannen som den største mordbrannen i nyare tid, og hevdar etterforskarane ikkje er interesserte i å oppklare saka.

Kallar det ei massedrapssak

Gisle Weddegjerde frå Ålesund er skipsteknisk utgreiar for ekspertgruppa som ønskjer ny etterforsking av Scandinavian Star-brannen. Heller ikkje han er glad for konklusjonen i den nye rapporten..

– Det er horribelt. Ikkje gløym at dette er ei uoppklart massedrapssak utan at gjerningsmennene er identifiserte, og det kan dei enkelt finne ut, slår han fast i det rapporten blir lagt fram i Stortinget torsdag ettermiddag.

  • Følg framlegginga her:

Hevdar forsikringssvindel ligg bak

Weddegjerde hevdar at etterforskarane aldri har funne ut kva som eigentleg skjedde då Scandinavian Star begynte å brenne. Og han har vore sterkt kritisk til politiet sitt arbeid. Rapporten som blir lagt fram torsdag endrar ikkje på det.

– Vi er tindrande klare på kva som er sanninga. Det er sabotasje, eit ledd i ein forsikringssvindel, slår han fast.

Video Ønsker ny etterforskning

Brannen om bord i Scandinavian Star kosta 159 menneskeliv. Kritikarane hevdar sanninga om kva som skjedde framleis ikkje er kjent.

Foto: Nyhetsspiller

Han seier Stiftelsen Etterforskning av mordbrannen Scandinavian Star ikkje gir opp arbeidet for å få ei ny etterforsking.

Les også:

Oppretta uavhengig kommisjon

Det var 6. april 1990 det begynte å brenne på ferja Scandinavian Star, på veg frå Oslo til Frederikshavn. Mange menneske kom seg aldri ut, og døydde om bord i ferja. I ettertid blei den norske kapteinen og to danske reiarar dømde til korte fengselsstraffer, og fleire har i etterkant hevda at saka aldri har blitt oppklart.

I januar 2015 bestemte Stortinget å opprette ein uavhengig granskingskommisjon for å sjå på saka. Rapporten blir lagt fram torsdag kl. 12.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL