Köhn får delta
Hamar-biskop Rosemarie Köhn vil altså likevel delta under gudstenesta i Hareid kyrkje den 17. oktober.
Kapellan Michal Møgster har trekt seg frå gudstensta, og resultatet er at prost ved Søre Sunnmøre prosti Evy Kvamsdal og Köhn deler på å halde gudstenesta.
Misfornøgd
Hareid kyrkje (Foto: NRK)
Sokneprest Atle Hopland seier han ikkje har delteke i løysinga, men synest at han som sokneprest burde vore kontakta. Utfallet er han heller ikkje nøgd med.
– Hadde det vore opp til meg så hadde eg nok stått på den løysinga som vi hadde først, seier Hopland.
Presteforeninga positive
Grunnen til at Michal Møgster først nekta Rosemarie Köhn å preike i Hareid var at ho støttar homofile som bur saman. Møgster har no valgt å overlate gudstenesta til andre for å skape ro i Hareid og i kyrkjelyden.
Den Norske kirkes presteforening i Møre, som er fagforeinga til prestane, har drøfta saka i dag. Leiar Svein Runde seier dei stiller seg bak løysinga når begge partar er blitt samde.
Støtteerklæring
Presteforeininga vil også gje ei støtteerklæring til Michal Møgster i måten han har handtert saka på, fordi det er heilt i tråd med regelverket i dag, seier Svein Runde.
Vil snakke med biskopen
Sokneprest i Ulstein Atle Hopland har sjølv gudsteneste den 17. oktober, men han ville ikkje møtt opp i Hareid kyrkje uansett. Han innser at saka har fått ei løysing, men vil ta ein prat med Møre biskop Odd Bondevik.
– Eg tek det til vitande, som det heiter i politisk måte. Eg skal prate litt med prost og biskop – når eg får tid, seier Sokneprest Atle Hopland.