Hopp til innhold

Skreiv song om farens død

Faren til Renate Strand døydde for fire år sidan. I helga stod ho på scena under UKM. – Eg ville vise han at eg er takksam for den tida vi fekk saman.

Renate Strand

15 år gamle Renate Strand heidrar faren med den sjølvskrivne songen «Pappaen min».

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Kulturhuset i Herøy er denne helga tettpakka av spente deltakarar frå heile fylket. Blant dei mange deltakarane sit Renate Strand frå Gjemnes. Den 15 år gamle jenta deltek på UKM for fjerde gong, og er for første gong med på fylkesmønstringa.

Men det er også første gong ho deltek med ein sjølvskriven låt.

– Dei tidlegare åra har eg sunge tekstar som andre har skrive, dette året ville eg gjere noko anna, seier Strand.

Fredag framførte ho den rørande songen «Pappaen min» song til minne om faren som døydde for omtrent fire år sidan.

– Songen handlar om faren min, at eg framleis saknar han og at han alltid vil ha ein viktig plass i hjartet mitt, seier Strand.

Med eigne ord

For henne var det viktig å kunne heidre faren med ein sjølvskriven tekst.

Renate Strand

PÅ SCENA: Renate Strand framførte songen «Pappaen min» på scena under fylkesmønstringa.

Foto: Katrine Mæhlum Pilskog

– No kan eg minnast han med mine eigne ord, i motsetning til om eg hadde sunge ein song som nokon andre har skrive, seier Strand.

Til trass for den personlege teksten, var det ikkje vanskeleg for den 15 år gamle jenta å framføre songen framfor ein fullsett sal på Herøy kulturhus.

– Det er veldig mange som har spurt meg om det. Eg har blitt vand til å stå på scena i løpet av åra, så det gjekk fint, seier ho.

Takksam for den tida vi fekk saman

Etter framføringa har ho fått mange positive tilbakemeldingar.

– Det er fint at folk blei rørt av songen. Det betyr mykje for meg å kunne heidre faren min på denne måten, seier Strand.

– Eg har alltid vore ei skikkeleg pappajente, og det var ein stor sorg for meg då han gjekk bort. Eg ville vise han at eg er takksam for den tida vi fekk saman, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL