Hopp til innhold

Skogbrann Aure

  • – Vanskeleg sløkkearbeid

    – Sløkkearbeidet ved Tømmerdalsvatnet i Aure i går kveld og i natt var vanskeleg, og dessutan ga skodda utfordringar. Det fortel Catarina Nålsund og Therese Elin Gjerde Ormbostad i Sivilforsvaret. Dei var med på slikt arbeid for første gong.

    Sivilforsvaret
    Foto: Therese Elin Gjerde Ormbostad
  • Bålbrenning var brannårsaka i Aure

    Årsaka til lyng- og grasbrannen i Aure i går kveld var bålbrenning. Det stadfestar innsatsleiar Arnfinn Fuglevåg. Det var to personar på tur som fyrte opp bålet ved Tømmerdalsvatnet. Dette kom ut av kontroll på grunn av sterk vind.

  • Tar lærdom av brannen

    Ordførar i Aure, Ingunn Golmen meiner kommunen må ta lærdom av lyng- og grasbrannen i går kveld. Sjølv om mykje i kriseberedskapen fungerte, tok det for lang tid å opprette eit senter for dei 85 personane som blei evakuerte på Skardsøya. Golmen meiner dei må betre rutinane for dette i framtida.

  • Møte om storbrannen i Aure

    Klokka 08.30 skal kriseleiinga i Aure ha møte etter storbrannen i går. Omlag 85 personer på Skardsøya måtte evakuerast på grunn av ein omfattande gras- og lyngbrann. Dei fekk flytte heim att i 22-tida i går kveld. Mykje tyder på at bålbrenning var årsaka til brannen.

Roar Halten snakkar med dei evakuerte etter brannen i Aure.