NRK Meny
Normal

Skipsbyggar mot straumen

Kleven i Ulstein har fått over 100 søknader på 10 ledige stillingar dei lyste ut for mindre enn ei veke sidan.

KLEVEN VERFT AS

Dette verftet går mot straumen, og lyser ut ledige stillingar.

Foto: Harald M. Valderhaug / Harald M. Valderhaug, NO-6050 V

Kommunikasjonssjef ved verftet, Ellen Kvalsund, meiner at stor arbeidsløyse blant ingeniørar er årsaka til den enorme pågangen.

– Responsen har vore ganske enorm. Og veldig mange her på huset har fått telefonar frå kjente som ønskjer meir informasjon om kva som ligg i desse stillingane, seier Kvalsund.

Kleven mot straumen

Ellen C. Kvalsund

Kommunikasjonssjefen ved Kleven har tru på framtida.

Foto: Per Eide

Fleire verft har permittert sine tilsette den siste tida. Nedgangstider i olje-, gass- og verftsnæringa er årsaka. Men Kleven går altså mot straumen og har lyst ut ti stillingar.

Noko av årsaka er at selskapet for kort tid sidan gjorde ein intensjonsavtale om å bygge fire nye båtar for Hurtigruten.

Søknadsfristen for dei nyutlyste jobbane går ut 19. mai, og fleire søknader kjem nok til. Men kva kvalifikasjonar søkarane har, kan ikkje Kvalsund seie noko om førebels.

– Vi skal halde fram å bygge båt ved Kleven i lang tid framover. Også vi merkar at det er tøffare tider, men vi har ei solid ordrebok for dei to neste åra.

Så uavhengig av avtalen med Hurtigruten treng verftet nye tilsette så raskt som råd. Og så langt altså med overveldande respons.

Ikkje overraskande

Stein Veland

Nav-direktøren fortel at mange ingeniørar er arbeidsledige for tida.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkesdirektør i Nav, Stein Veland, er ikkje overraska over pågangen hos Kleven. Årsaka er at mykje godt kvalifisert personell er permitterte eller utan jobb. Ifølge Veland må ein likevel langt tilbake i tid for å finne ein liknande situasjon.

– Særleg blant ingeniørar er det no mykje disponibel arbeidskraft, og det er nok lenge sidan vi har opplevd. Ei tid framover vil vi nok sjå at folk søker på jobbar dei er overkvalifiserte for, seier Nav-direktøren.

Ifølge Veland er det gjerne mindre båtar som blir bygde i desse dagar. Veland seier at verft som bygg store båtar har færre oppdrag, medan ordretilgangen er større på vedlikehald, små- og mellomstore båtar.