Skeptisk til svenske sjukepleiarar

I Giske er fleire uroa over at kommunen har tatt inn svenske helsearbeidarar som sommervikarar. Kommunen har tidlegare hatt to koronadødsfall på Giske omsorgssenter. – Vi er bekymra fordi det skal kome ferievikarar frå Sverige til omsorgssenteret utan å måtte i karantene først, seier leiar for Valderøy pensjonistlag, Anne Lise Hessen. Rådmann i Giske, Marianne Stokkereit Aasen, seier dei følgjer alle retningslinjer frå FHI og at vikarane kjem frå delar av Sverige med lav smitte.

Giske omsorgssenter
Foto: Øyvind Sandnes / NRK