Hopp til innhold

Fem nye dødsfall kjent i dag

Ein mann i 50-åra frå Halden døydde natt til onsdag som følgje av koronaviruset. Mannen er truleg det yngste offeret i Noreg. I Oslo, Bærum og Møre og Romsdal er også fire nye dødsfall stadfesta i dag.

Kalnes sykehus

Mannen vart frakta til Sykehuset Østfold natt til onsdag og døydde der kort tid seinare.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Onsdag føremiddag blei det kjent at Møre og Romsdal har fått sitt første koronarelaterte dødsfall. På ettermiddagen er også tre nye dødsfall i Oslo og Bærum stadfesta.

Den avdøde i Oslo er ei eldre kvinne som døydde i heimen sin søndag, melder VG. Bærum kommune har stadfesta at to eldre menneske til er døde der, ein på institusjon og ein Bærum sjukehus.

– Det er trist at ytterlegare to personar har mista livet på grunn av koronaviruset. Eg vil uttrykke mi djupaste medkjensle med dei etterlatne, seier ordførar Lisbeth Hammer Krog i Bærum.

Yngste offeret i Noreg

Ein mann i 50-åra frå Halden døydde natt til onsdag som følgje av viruset, opplyser Halden kommune i kveld.

Han er truleg den yngste av personane i Noreg som er rapportert døde av viruset til no. I rapporten frå Folkehelseinstituttet som kjem tysdag, var ein 62-åring den yngste som var stadfesta død av sjukdommen.

Mannen i Halden vart frakta til Sykehuset Østfold natt til onsdag og døydde der kort tid seinare. Mannen var sjuk i nokre dagar i forkant av innlegginga. Då vart han akutt verre.

– Eg synest det er veldig trist at ein av våre innbyggjarar har mista livet som følgje av koronaviruset. Våre tankar går no til dei næraste, som har vår djupaste medkjensle i denne tunge stunda, seier ordførar Anne-Kari Holm i Halden kommune.

Kommunen opplyser at 18 personar totalt har fått påvist koronasmitte.

Giske omsorgssenter

Ei kvinne døydde på Giske omsorgssenter på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Første dødsfall i Møre og Romsdal

Giske på Sunnmøre blei den første staden i Møre og Romsdal som fekk eit koronarelatert dødsfall.

– At det no kjem til Giske som først i fylket gjer det jo ekstra spesielt. Alvoret i pandemien sit djupt i oss no, seier ordførar i Giske, Harry Valderhaug til NRK.

Harry Valderhaug

Harry Valderhaug (KrF) er ordførar i Giske på Sunnmøre.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den eldre kvinna vart konstatert smitta av korona for knapt to veker sidan, og har vore i isolat sidan då. Tysdag kveld døydde ho.

Ordføraren er svært prega etter dødsfallet.

– Det er ikkje så lett å stå i ordførarjobben og oppleve noko slikt. Eg tenkjer på dei som mistar sin kjære og det er noko som pregar oss, seier Valderhaug.

Har drive smittesporing

Kommunen har hatt totalt fem smittetilfelle, to av dei på Giske omsorgssenter. Dei har drive smittesporing og testing av tilsette og bebuarar på omsorgssenteret.

I Møre og Romsdal er det onsdag åtte som er lagd inn på sjukehus med koronasmitte. Det er tre i Kristiansund, tre i Molde, éin i Ålesund og éin i Volda.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger