Hopp til innhold

Skepsisen avtar

Vaksineringa mot svineinfluensa er igang. Helsepersonell meiner at skepsisen mot vaksinen er i ferd med å sleppe taket.

Video nsps_upload_2009_10_26_18_12_10_4741.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Endeleg igang

Olav Brendeskag og helsesøster Else Jorunn Lillenes

Olav Brendeskag har stor tiltru til hesesøster Else Jorunn Lillenes.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Olav Brendskag var mellom dei aller første som fekk vaksinen på Smøla. Han seier sjølv at han er i risikogruppa så han tar sjangsen på å ta vaksinen. Og Brendskag er i selskap med mange andre.

Helsesøster på Smøla, Else Jorunn Lillenes, seier at mange har vore skeptiske til å la seg vaksinere, men no har ho trur på at mange vil møte opp for å la seg stikke.

Fulle venterom

Venterommet på Smøla

Venterommet på Smøla var tidleg fullt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Og det var akkurat det som skjedde. Alt ein time før tida var venterommet fullt av folk som ville la seg vaksinere.

Smøla og Molde var dei einaste kommunane som kunne tilby vaksine i starten av veka. Dei andre kommunane kjem igang utover dei neste dagane.

KOLS-syk redd massevaksinasjon

Vaksine i heimen

Redd køsniking for svinevaksine

Skulle vaksinere 200 personer i timen...

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL