NRK Meny
Normal

Skal tidleg avdekke ekstremisme

Politiet, skulane, barnevernet, arbeidsplassar, vener og nærmiljø skal bli sett i stand til å oppdage faresignal om radikalisering og valdeleg ekstremisme. Eit første steg er seminar om temaet.

Seminar om radikalisme

Karim Essahli, Bjørn Ivar Rødahl og Dennis Baccouche er alle opptatt av førebygging.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Det er Ålesund kommune og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) som er arrangørar av seminaret. Invitasjonen har gått ut til kommunalt tilsette i skular og andre institusjonar i Ålesund og nabokommunane.

Med Paris som bakteppe

Temaet er aktualisert med hendingane i Paris i helga og så seint som i dag. Truleg er det unge, radikaliserte menn som står bak terrorhandlingane.

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal arrangerer seminaret.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

– Nærleik er viktig for å treffe rette tiltak, og for å hindre at ungdom blir freista inn i ekstremisme og radikalisering, seier kommunalsjef Bjørn Ivar Rødahl.

Han meiner lokalmiljøet, politi, skular og helsesektoren er nærast til å fange opp faresignal og ta tak i desse før dei får tid til å utvikle seg.

– Føler seg utanfor

– Det som skjer når nokon blir radikalisert er at vedkomande føler seg utanfor, er ubekvem i det samfunnet han eller ho lever i. Nokon er født og har vakse opp i samfunn der dei gradvis blir marginaliserte, og gradvis inntar dei då også ekstreme haldningar, seier rådgivar Karim Essahli ved RVTS.

– Vi må vakte oss for å tru at det er bestemte personar som blir radikaliserte. Det er snarare situasjonar enn personar som avgjer om ein blir radikalisert.

Essahli seier dette gjerne er eit storby fenomen, i hovudsak fordi der veks motsetningane raskare og det kan oppstå situasjonar.

Skulen er viktig

– Skulen spelar ei nøkkelrolle, seier Dennis Baccouche, som jobbar med førebygging i Sunnmøre Politidistrikt. Han fortel at dei også jobbar nært med lokalt PST for å fange opp faresignal tidleg.

– Per i dag kan vi ikkje seie at vårt distrikt har større utfordringar på dette området enn andre kommunar rundt om i landet.

Politiet er opptatt av førebygging

Dennis Baccouche seier skulane spelar ei nøkkelrolle.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Baccuche åtvarar mot stigmatisering av personar ut ifrå veremåte og åtferd, men seier at både politiet og skulen har lang erfaring i å oppdage faresignal og drive førebygging.

– På same måte som vi er gode på rusførebygging kan vi også registrere uønskt åtferd og teikn hos personar som kan vere på veg inn i eit ekstremistisk miljø, seier Baccuche.

Han peiker igjen på den viktige rolla skulane har, og den kontakten dei har med unge menn og kvinner. Gjennom eit nært samarbeid med både ungdomsskular og dei vidaregåande skulane er politiet i stand til å sjå signale tidleg.

– Då kan vi iverksette tiltak før dei nye tankane før tid til å sette seg, seier Baccuche, som også viser til samarbeid med både asylmottak, flyktninghjelpa og trussamfunn.

Kan reversere

Karim Essahli ved RVTS

Rådgivar Karim Essahli ved RVTS meiner tankar om radikalisering kan bli reverserte.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Og når alarmen har gått er det ifølge Karim Essahli i RVTS muleg å avradikalisere ein som har blitt radikalisert, og viser til Saudi-Arabia som eit døme der ein har klart å reversere ein trend.

– Vi har mange tankar, idear og metodar for korleis ein kan reversere eit løp der nokon har blitt freista av radikalisering og valdeleg ekstremisme, seier Essahli.