Hopp til innhold

Tiltalt for valdtekt av 15-åring under jobbintervju, to nye tiltalar teke ut

Ein mann i 30-åra frå Romsdal står tiltalt for å ha valdteke ei 15 år gammal jente under eit jobbintervju i fjor. Etter mykje etterforsking har Statsadvokaten tiltalt han for to andre valdtekter i tillegg.

Det skriv Romsdals Budstikke.

Det var i januar i fjor at mannen i 30-åra frå Romsdal skal ha valdteke den då 15 år gamle jenta. Tiltale blei teke ut 1. august i 2012, etter at politiet hadde gjort beslag, etterforska og avhøyrt dei involverte.

Ifølgje tiltalen skal mannen ha skaffa seg sex med den underårige jenta gjennom trugande åtferd og vald. Han står i tillegg tiltalt for å ha teke bilde av underlivet til jenta.

Men i tillegg til den eine tiltalen har Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane teke ut ein tilleggstiltale mot mannen.

– Politiet fekk vite om fleire forhold

Mannen i 30-åra er no i tillegg tiltalt for å ha valdteke to jenter til. Éi av jentene var under 16 år då valdtekta skal ha skjedd.

Forholda ligg lenger tilbake i tid enn sak frå i fjor, opplyser statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim til Romsdals Budstikke.

Politiet i Nordmøre og Romsdal skal ha fått meir informasjon etter at den første tiltalen blei teke ut. Omtale i media gjorde eit utslag.

– Med bakgrunn i gjenkjenningstrekk fekk politiet vite om fleire forhold. Det gjorde at dei iverksette ytterlegare etterforsking, seier Thorn Nordheim.

Statsadvokaten tok ut to nye tiltalar mot mannen den 20. februar i år. Mannen erkjenner ikkje straffskuld for forholda.

Skjerpande tidlegare dom

Etter dei to tilleggstiltalane har rettssaka i Romsdal tingrett blitt utvida frå fire til åtte dagar.

Mannen i 30-åra er tidlegare dømt for seksuell omgang med born under 16 år. Han blei dømt i Sunnmøre tingrett i 2003.

Mannen har erkjent å ha hatt seksuell omgang med den då 15 år gamle jenta. Han seier derimot at det heile var frivillig, samstundes som han påstår at han ikkje visste jenta var under 16 år.

Romsdalingen har òg innrømma å teke bilde av jenta med mobiltelefonen sin.

Saka startar 4. mars.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL