Skaffa ulovleg tilgang til data

Ein mann i 40-åra frå Ålesund er tiltalt for uberettiga å ha skaffa seg tilgang til datasystema i ei bedrift han var suspendert frå.

Mannen skal ha skaffa seg tilgang til anbodsdokument - og skal ha erstatta oppdaterte dokument med dokument som inneheldt forelda opplysningar.

Ifølgje tiltalen fekk bedrifta eit økonomisk tap som følgje av handlingane til mannen.