Hopp til innhold

Sjøfronten kan bli dobbelt så dyr

Utbygginga av sjøfronten i Molde kan bli nesten dobbelt så dyr. Det skulle koste 33,5 millionar kroner, men kan ende opp med å koste 60 millionar kroner. Årsaka er blant anna at botnforholda rundt elvemoloen ved politistasjonen består av lause og forureina masser - som ikkje blei oppdaga før utbygginga byrja. Den nye moloen skulle etter planen koste 13 millionar kroner. Ifølgje Romsdals Budstikke kan det påføre Molde kommune ei ekstrarekning på 26,5 millionar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL