Hopp til innhold

Her kan det bli bråstopp i cruisetrafikken

Nye krav til nullutslepp gjer at ikkje eit einaste cruiseskip har meldt at dei kjem til Geiranger i 2026. Turistnæringa i verdsarvfjordane fryktar for jobbane sine.

Geiranger

Kvart år kjem det rundt 175 cruiseskip i Geiranger, men det blir det slutt på.

Foto: Lena Høyberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Geiranger er det stille på fjorden, utan eit einaste cruiseskip. Slik kan det også bli på somrane.

Frå 2026 går det mot at alle cruiseskip som vil besøke verdsarvfjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden må vere utsleppsfrie. Problemet er at få skip har teknologien og dermed kan dei ikkje kome.

– Det er dramatisk at dei går inn for å ramme desse ikoniske lokalsamfunna. Det er også eit moralsk spørsmål, seier Inge Tangerås, dagleg leiar i Cruise Norway.

Inge Tangerås er daglig leder for interesseorganisasjonen Cruise Norway

Inge Tangerås i Cruise Norway seier at cruisenæringa jobbar for å redusere kutta kraftig globalt. Han meiner det blir feil at verdsarvfjordane må kutte tidlegare enn andre.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Han meiner det er urettferdig å sette krav til at verdsarvfjordane skal ha nullutslepp snart, når det ikkje det er same krav andre stader.

– No blir nokre fjordar uretteleg hardt ramma utan at ein får dei store klimamessige gevinstane, meiner Tangerås.

Han understrekar at det blir jobba iherdig for å kutte kraftig i utsleppa i cruise- og skipstrafikken i heile verda innan 2030.

– Ingen skip etter 2026

Sjøfartsdirektoratet vil ikkje utsette utsleppskrava til cruiseskipa i verdsarvfjordane på Vestlandet. Det kjem fram i direktoratet sin nye rapport som no skal ut på høyring.

Sidan dei fleste store cruiseskip ikkje kan segle utsleppsfritt foreslår direktoratet at skipa skal kunne bruke biogass som ei mellombels ordning fram til 2035.

I dag finst det 15 skip i verda som kan bruke biogass. Samstundes er 27 skip under bygging.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak seier at det betyr lite for Geiranger fordi desse skipa er for store til å kunne kome inn fjorden. Vanlegvis kjem det 175 cruiseskip kvart år til Geiranger. Dei melder frå om at dei kjem 2–3 år i forkant.

I 2023 er det venta 191 cruiseskip til kommunen, og i 2024 vil 150 kome. På grunn av skjerpa miljøkrav har berre 50 meldt seg for 2025.

– I 2026 har vi null anløp. Det blir utfordrande, seier Maraak.

Ho forstår ikkje logikken med å stenge cruisetrafikken i ein fjord og dermed flytte utsleppa til ein annan.

Hamnesjef i Geiranger, Rita Berstad Maraak. Ho har på seg vinterjakke og panneband. I bakgrunnen er Geirangerfjorden og snødekte fjell.

Det blei varsla at det vil kome nye krav til næringa i 2018, og for hamnesjefen i Geiranger var det ei lette å ha noko konkret å ta omsyn til. Men ho er samstundes bekymra for kva forslaga kan føre til. – Det er viktig å skaffe fakta og finne gode løysingar saman med dei som skal bestemme, seier Rita Berstad Maraak.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fryktar for jobbane

Opptil 800 000 turistar er innom Geiranger i løpet av eit år, og om lag ein tredjedel av desse er cruiseturistar.

Dei nye utsleppskrava gjer at folk i bygda fryktar for jobbane sine.

– Cruisenæringa gir mange ringverknadar til det lokale næringslivet. Masse arbeidsplassar vil ryke, eller bli flytta ut av bygda. Mange vil miste inntekta og næringsgrunnlaget sitt, seier Geir Gjørva som jobbar som skipsagent.

Han hadde helst sett av innføringa av krava blei utsett.

– Vi jobbar for eit felles mål med ei reinare cruisenæring, men verken reiarlaga eller skipa er klar endå. Det tar tid å få utvikla teknologien og innføre den, seier Gjørva.

Geir Gjørva er skipsagent i European Cruise Service. Han står med utsikt over ein tom Geirangerfjord. Det er snødekte fjell i bakgrunnen

Det har vore cruiseskip i Geiranger i over 100 år. – Skipa høyrer liksom til i bildet av Geiranger, meiner Geir Gjørva.

Foto: Remi Sagen / NRK

Store økonomiske tap

Trygve Skjerdal

Trygve Skjerdal (Sp) er ordførar i Aurland. Han vil be om eit møte med departementet for å vise kva effekten av nullutslepp får for kommunen og næringslivet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Aurland kommune er det frykt for at 60 arbeidsplassar skal forsvinne når talet på cruisepassasjerar går dramatisk ned.

Ordførar Trygve Skjerdal forstår godt intensjonen med nullutslepp og vil vere med på grønt skifte, men meiner teknologien må vere på plass først.

Slik det ligg an no, så får det veldige følgjer, både økonomisk og praktisk. Vi må i verste fall kanskje avvikle ei veldig god næring, som gir oss god inntekt, veldig godt omdøme i ei av dei beste hamnene vi har i Noreg og kanskje verda når det gjeld cruiseanløp, seier Skjerdal.

Ifylgje ei analyse frå konsulentselskapet Menon vil det bli 131–171 færre arbeidsplassar i Geiranger og Flåm i 2026.

Statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet skriv til NRK at dei har mottatt forslaget frå Sjøfartsdirektoratet. Han seier dei vil vurdere dette nøye.

– For oss er det viktig å finne ein veg vidare som kan oppfylle Stortingets vedtak om både nullutslepp og vidare reiselivsaktivitetar i verdsarvfjordane. Nye teknologiske løysingar, som for eksempel biogass, kan vere rett for å oppnå dette, seier han.

Katrin Blomvik Bakken er direktør i Stiftinga Geirangerfjorden verdensarv. Ho står ute med fjell i bakgrunnen

Katrin Blomvik Bakken i Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv er positiv til at forureinande cruiseskip ikkje får kome.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bra med reine skip

Det er ikkje alle i Geiranger som ser svart på dei nye krava.

Leiinga av Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv meiner det er positivt av bygda framover vil få besøk av dei reinaste skipa som finnast.

– Det vil bety at vi blir eit at dei reinaste reisemåla i verda. Det vil opne seg nye moglegheiter for grøn verdiskaping for lokalsamfunnet og næringslivet, seier Katrin Blomvik Bakken som er direktør i stiftinga.

Les også Innførte strenge reglar – likevel kjem cruiseskip frå 80-talet til norske fjordar i år

Undredal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no