Hopp til innhold

Innførte strenge reglar – likevel kjem cruiseskip frå 80-talet til norske fjordar i år

Trass strengare krav er det framleis gamle cruiseskip i norske fjordar. NRK si kartlegging viser at fleire skip frå 80-talet kjem på besøk i 2022.

Undredal

AURLANDSFJORDEN: I Flåm og Undredal (bilete) gjer strengare krav at det i praksis berre er cruiseskip bygd etter 2011 som no får kome til.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

«Du går faktisk i eksos», sa Dronning Sonja då ho skildra ein fjelltur i «cruise-hovudstaden» Geiranger i fjor.

Ved nyttår vart krava til cruiseskip strengare, men ei kartlegging gjort av NRK viser at det framleis kjem eldre cruiseskip til dei norske fjordane.

MV «Ocean Majesty», som kjem til Nordfjordeid 24. mai, er til dømes bygd i 1966. (Presisering: skipet er sidan ombygd og bruker moderne diesel med lågt svovelinnhald (1000ppm).)

Generelt gjeld det at skip bygd før 2000 forureinar meir fordi dei manglar såkalla scrubbarar eller eksosvaskesystem. Dette ifølgje Sjøfartsdirektoratet.

I alt viser anløpslistene at det er 228 unike cruiseanløp på Vestlandet i løpet av 2022 (same skip vert telt kvar gong det kjem til ein ny hamn).

47 av desse anløpa er frå skip som vart bygd på 80- og 90-talet.

I Geirangerfjorden vil 80- og 90-talskipa stå for 5 av 21 unike anløp.

(Oversikta er basert på seglingslistene til cruisedig.com, avvik kan førekome.)

– Helsefarlege mengder svevestøv

– Dette er interessante tal som viser at tiltaka frå Sjøfartsdirektoratet ikkje er tilstrekkelege, seier Marius Gjerset, teknologiansvarleg i ZERO.

I 2018 vedtok Stortinget at cruiseskip må vere heilt utsleppsfrie før dei får segle i inn verdsarvfjordane Geirangerfjorden, Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og to tilhøyrande fjordarmar.

Kravet gjeld frå 2026. For dei andre fjordane er lova ikkje like streng.

Kravet kom etter at Sjøfartsdirektoratet i 2017 slo fast at utsleppa i Geiranger og Flåm skapte «helsefarlege mengder svevestøv».

Dronning Sonja på Skageflå, Geiranger

SVEVESTØV: «Du går faktisk i eksos», sa Dronning Sonja då ho skildra ein fjelltur i Geiranger i fjor. Her frå ein Geiranger-tur i 2006.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Enkelte hamnar er ikkje flinke nok

– Ikkje alle hamner er flinke nok til å bruke mekanismane vi har for å skyve ut dei eldste og mest forureinande skipa, seier Anders Nyland, som er reiselivsdirektør i Visit Bergen.

Han viser til at Bergen hamn har tatt i bruk Environmental Port Index (EPI) «til å presse eldre skip ut» (sjå faktaboks).

Eksempelvis vil eit cruiseskip som kjem til Bergen betale mellom 80 000,- og 250 000,- kroner i avgifter, avhengig av kor flinke dei er til å redusere utsleppa sine.

– Vi ser ein positiv trend som heng saman med at vi har færre eldre skip, men luftforureining er like fullt ei utfordring, seier hamnesjef i Bergen, Even Husby.

Den fyrste hamna til å ta i bruk EPI i Noreg var Stavanger.

Etter prisverdig initiativ frå Bergen, seier hamnedirektør Anders Bang-Andersen, som ventar 206 anløp til Stavanger i løpet av 2022.

Ti av desse anløpa er med sju unike skip bygd før år 2000.

Statistikken for vestlandske cruisehamner som nyttar seg av EPI ser slik ut:

  • 2021: Fem unike skip eldre enn år 2000 besøkte hamnene. Det eldste var frå 1984.
  • 2019: 47 unike skip eldre enn 2000 besøkte hamnene. Det eldste var frå 1948.

Trass attesten frå dronninga har det vore ein «betydeleg nedgang» i talet på eldre skip i Geiranger dei siste åra, seier Rita Berstad Maraak, som er hamnesjef i Geiranger.

Der ventar dei 157 anløp i 2022.

– Men vi erfarer at skip som ikkje tilfredsstiller Tier-krava flyttar til nærliggande hamner, seier ho.

Tier er namnet på miljøkrava frå IMO (International Maritime Organization). Tier I vart erstatta av Tier II 1. januar i år. I 2025 vert krava skjerpa ytterlegare med Tier III.

I tillegg til IMO-krava vert norsk cruisetrafikk regulert av EU-reglar og norske reglar.

Skip vert bygd for eit 30 års livsløp

I Flåm gjer strengare krav at det i praksis berre er cruiseskip bygd etter 2011 som no får kome til.

Eldre skip må i utgangspunktet oppgradere motoren om dei skal få tilgjenge, ein dyr operasjon som kan koste opp mot 200 millionar kroner.

Vi har erfaring med at slike lokale krav først kan gå opp for reiarlaget når det nærmar seg, og at dei dermed lyt endre seglingsplan, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam.

I år ventar «cruise-bygda» 112 skipsanløp. I 75 av dei er skipet bygd etter 2011. Den eldste gjesten er MS «Expedition», bygd i 1972.

Tokvam legg til:

– Elles er det greitt å ta med seg at skip vert bygd for å leve i 30 år, og at ein monaleg del av miljøfotavtrykket vert lagt att i byggetida. Det er difor ikkje berekraftig berre å ha nye miljøvenlege skip med ferskt datostempel i baugen.

Prosjektleiar i Norsk Klimastiftelse, Kirsten Å. Øystese, peiker på det same. Om eldre skip vert oppgraderte, så er fotavtrykket totalt sett mindre enn ved å byggje nytt.

– Alder er ikkje det viktigaste. Viktigare er reinseteknologien og kva for drivstoff dei bruker, seier ho.

– Dessutan: om eldre skip droppar verdsarvfjorden men heller går til andre destinasjonar, så har vi ikkje lykkes med å stille krav som faktisk reduserer klima- og miljøproblema. Vi har berre flytta på dei.