Hopp til innhold

Klagar på at politiet systematisk bryt norsk lov

Målungdommen hevdar sunnmørspolitiet systematisk bryt norsk lov. Nesten alle twitter-meldingar er på bokmål, trass i at dei fleste lesarane er nynorskbrukarar.

Politiet tvitrer på bokmål

Politiet på Sunnmøre dekkjer 17 kommunar, der alle, med unntak av Ålesund, brukar nynorsk som offisielt språk.

Foto: Skjermdump

Sunnmørspolitiet sender vanlegvis fleire gongar dagleg såkalla twitter-meldingar til innbyggjarane i distriktet. Nesten samtlege er på bokmål, trass i at dei fleste lesarane er nynorskbrukarar. No melder Norsk Målungdom politiet til Språkrådet for systematisk brot på mållova.

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Nestleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng i Norsk Målungdom meiner sunnmørspolitiet bryt norsk lov systematisk.

Foto: Odin Hørthe Omdal

– Det er veldig betenkeleg at sjølvsaste politiet på ein systematisk måte har ein praksis som direkte bryt norsk lov, seier Kristofer Olai Ravn Stavseng.

– Men er det så farleg?

– Ja, det er gale. Det er viktig å syne fram det norske språkmangfaldet. Det er ikkje noko gale med bokmål, men det er viktig at nynorskbrukarane får sjå språket sitt i offentleg bruk sidan dei er ein minoritet, seier han.

  • Spelar det nokon rolle om politiet skriv bokmål eller nynorsk? Ver med i debatten under artikkelen!

Vedgår for mykje bokmålsbruk

Stabsjef i politiet, Ingmar Farstad

Stabssjef Ingmar Farstad vedgår at politiet brukar alt for mykje bokmål.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Stabssjef Ingmar Farstad vedgår at Sunnmøre politidistrikt brukar for mykje bokmål når dei twitrar med innbyggjarane. Og han vedgår at det er uheldig at politiet bryt norsk lov.

– Nei, det er sjølvsagt ikkje greitt at vi bryt lova systematisk, dersom det stemmer, seier han.

– Men kvifor klarer ikkje politiet å skrive nynorsk?

– Eg trur ikkje at vi ikkje klarer det, men når ein brukar bokmål som skriftspråk til dagleg, og i tillegg har dårleg tid, vil det gjerne falle seg naturleg å bruke bokmål, seier Farstad.

Politiet på Sunnmøre dekkjer 17 kommunar, der alle, med unntak av Ålesund, brukar nynorsk som offisielt språk.

Les også:

Høyr politisjefen prøve seg som nynorsk-omsetjar

Skjermdump frå twitterkontoen til politiet

Her er twitter-meldinga som fekk politisjefen utpå glattisen.

Foto: skjermdump

Sjølv er stabssjefen frå nynorskkommunen Haram, og tek umiddelbart utfordringa om å omsetje ei av dei aller siste twitter-meldingane frå bokmål til nynorsk. Laurdag la politiet ut denne meldinga: "Brannen i lastebilen er nå slukket, trafikken dirigeres forbi brannstedet. Redusert fremkommelighet".

Høyr korleis det går her:

– Nei, den er ikkje lett .... den tek eg ikkje her og no, seier Farstad når han blir beden om å omsetje "redusert fremkommelighet".

Les også:

Pålagde å bruke nynorsk

Men ifølgje Mållova er politiet, som andre offentlege organ, pålagde å bruke nynorsk når dei vil informere innbyggjarane om viktige ting: "§ 7. Dersom statsorgan vender seg under eitt til fleire kommunar i eit avgrensa område, skal fleirtalsmålforma for kommunane nyttast. "

– Eg trur ikkje vi kan seie at dette er eit tema vi har vore opptatt av i politiet, vedgår Farstad. Han vil no be politidirektoratet om føringar, og seier politidistriktet vil rette seg etter dei krava som kjem derifrå.

Ventar på twitter-meldingar på nynorsk

Norsk Målungdom seier saka er svært alvorleg og at dei no ventar endringar.

– Eg syns det er skuffande og dårleg gjort overfor sunnmøringane, torar nestleiar i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng.

– Eg forventar at politiet følgjer norsk lov og tek sitt språkpolitiske ansvar som norsk myndigheit, seier han.