Hopp til innhold

Sjå forslaget til det nye sjukehuset på Hjelset

Prosjektgruppa for det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal har bestemt seg for ei prosjektskisse som dei vil jobbe vidare med.

Modellen «hus 3»

Modellen som er kalla «hus 3» er foreslått vidare til skisseprosjektet som startar over nyttår. Sjukehuset blir ikkje nødvendigvis sjåande slik ut, men modellen viser korleis ein kan utnytte tomta på ein god måte, fortel prosjektdirektør Bjørn Remen

Foto: Helse Møre og Romsdal

Prosjektet Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal har til no jobba med tre ulike modellar for det nye fellessjukehuset på Hjelset. Helse Møre og Romsdal har no bestemt seg for å gå vidare med ein av modellane.

– Vi vil prioritere å jobbe meir med ein modell som er kalla «hus 3». Denne står fram som den sterkaste modellen, opplyser prosjektdirektør for SNR, Bjørn Remen på helseføretaket sine nettsider.

Samtidig med diskusjonane om planskisse for sjukehuset, arbeider ein parallelt med spesialisthelsetilbodet i Kristiansund.

«Hus 3»

Ifølgje helseføretaket skårar «hus 3» modellen klart best på kriteria funksjon og flyt. Her er det sett på nærleik for pasient og besøkande, nærleik for personalflyt, nærleik for sentrale funksjonar, god trafikkseparering, god behandlingsgang, god varelogistikk, god pasientflyt og god personalflyt.

– Desse kriteria er vekta tungt av prosjektet, og modellen «hus 3» er den einaste som skårar godt både på funksjon og flyt, fortel prosjektdirektør Bjørn Remen.

Bjørn Remen, prosjektdirektør i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Prosjektdirektør for SNR, Bjørn Remen, fortel at dei vil prioritere og jobbe med modellen «hus 3».

Foto: Roar Strøm / NRK

Prosjektleiar i Sykehusbygg HF, Pål Ingdal, fortel at prosjektet har søkt etter å få til eit funksjonelt og robust alternativ som kan gjennomførast innan ei god økonomisk ramme.

– Robustheit går ut på at konseptet skal kunne tilpasse seg andre arealkrav og tole mest endring. Det skal vere fleksibelt og tole endring også etter at sjukehuset er bygd, forklarer Ingdal. Prosjektet har vurdert at modellen «hus 3» er den modellen som står seg best i endring, seier han.

«Hus 3» modellen går no vidare til skisseprosjektet. I skisseprosjektet blir det sett ein hovudstruktur for dei kliniske funksjonane, hovudtrafikkårar i bygget, logistikk og pasientflyt inkludert vareforsyning. Denne fasen inkluderer også arkitektonisk konsept med teikningar av fasadar, prinsippløysingar for teknikk, logistikk og trafikk og planteikningar av dei kliniske funksjonane sin hovudstruktur, opplyser helseføretaket.

Bygg 3

Slik ser dei tre forslaga ut. Helseføretaket har no bestemt seg for å satse på «hus 3» modellen.

Foto: Helse Møre og Romsdal