NRK Meny

Situasjonen i Årødalen er avklart

Evakueringa i og rundt postterminalen i Årødalen i Molde er avslutta. Ein mistenkeleg pakke var bakgrunnen for at politiet sperra av området. No er pakken opna, og den inneheldt ikkje noko farleg. Namn og nummer mangla på pakken, i tillegg til måten den var pakka på og uvisse rundt korleis den hadde hamna der, gjorde at alarmen gjekk.