Hopp til innhold

Heldt siste gudsteneste etter protestslutt: – Eg har fått mykje negativt

Sokneprest Helge Standal i Sykkylven heldt si siste preike søndag etter at han i januar slutta i protest mot vedtaket om likekjønna ekteskap.

Helge Standal

Sokneprest Helge Standal i Sykkylven kyrkje då han hadde si siste gudsteneste. Standal slutta like etter at Kyrkjemøtet opna for likekjønna vigsel.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg håper det blir ei gudsteneste som ikkje blir prega av min avskjed, men av å feire påska, oppstandelsen og at Jesus lever, sa Standal til NRK før kyrkja hadde fylt seg opp i Sykkylven på Sunnmøre.

Trass håpet var det umogleg å kome rundt det faktum at Standal avslutta ein lang karriere som prest. Då Kyrkjemøtet opna for likekjønna vigsel valde soknepresten å slutte i protest. 1. påskedag tok han farvel med kyrkjelyden i sunnmørsbygda.

– Det har vore ei glede for meg å feire gudsteneste i denne kyrkja, og eg vil takke alle trufaste kyrkjemedlemmer. Eg trur ikkje de anar kor mykje det betyr for oss prestar at de er her, det inspirerer oss til å gjere vårt beste, sa Standal til forsamlinga.

– Strider mot det Bibelen seier

Helge Standal

Sokneprest Helge Standal preika til kyrkjelyden sin éin siste gong.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

For soknepresten har dei siste månadane vore hektiske og prega av mykje støtte og minst like mykje motstand.

– Veldig mange i bygda har sagt til meg at det står stor respekt av valet mitt, og mange seier dei er einige med meg. Men så har eg fått veldig mykje negativt på sosiale medium òg, seier Standal til NRK.

Vedtaket frå Kyrkjemøtet om å lage ein ny liturgi som skal brukast for å vie likekjønna par var ikkje noko Standal kunne bli med på.

– Då Kyrkjemøtet innførte ein ny liturgi, innførte dei ei ny lære. Det er ei lære som eg meiner strider mot det Bibelen seier, meiner presten.

Senka skuldrer

Standal nekta å bli med vidare og slutta som prest i protest. I utgangspunktet skulle han jobbe som prest i alle fall til mai i år, men uro blant konfirmantane gjorde at soknepresten gjekk av tidlegare enn venta.

Nestleiar i Bispedømmerådet meiner Standals val om å forlate kyrkja er trist.

– Det er alltid trist når nokon sluttar i kyrkja. Samstundes må eg respektere at Helge følgjer sitt samvit, slik som eg følgjer mitt, seier Therese Utgård.

– Du er ueinig med han?

– Vi har kome til forskjellig konklusjon. Eg har stemt for vedtaket på Kyrkjemøtet, og eg er veldig glad for vedtaket som eg meiner opnar kyrkja for fleire folk, seier Utgård.

Trass all oppstussen har Standal likevel hatt senka skuldrer etter å ha følgt eige samvit.

– Eg har kjent på ei ro heile tida for at dette var det eg skulle gjere. Eg ser at andre vel annleis, og det er deira val, men for min del så var dette det rette.

Etter siste preike og siste gudsteneste er vegen vidare uklar for Standal.

– Eg får sjå kva som dukkar opp. Eg har ikkje tenkt å pensjonere meg, eg har lyst til å jobbe vidare, avsluttar den no ferdige soknepresten til NRK.

Forsamling i kyrkja

Mange hadde møtt opp for å få med seg den siste gudstenesta med sokneprest Helge Standal i Sykkylven.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL