Hopp til innhold

Vil at nye parkeringsplassar skal byggast breiare

Nokre parkeringsplassar er så tronge at folk ikkje får ut barna sine. No får byggebransjen nye anbefalingar.

Terese Kvalheim Yildirim må vere forsiktig når ho skal løfte ut babyen frå bilstolen i baksetet, slik at ho ikkje skrapar opp bilen ved sidan av.

Terese Kvalheim Yildirim må vere forsiktig når ho skal løfte ut babyen frå bilstolen i baksetet, slik at ho ikkje skrapar opp bilen ved sidan av.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er ikkje lett å kome seg ut av bilen som står i parkeringshuset i Ålesund. Terese Kvalheim Yildirim lirkar for å få ut den åtte månader gamle babyen, utan å skrape opp døra på bilen ved sidan av.

– Det er trongt. I alle fall med barnevogn og bilstol. Og du skal ha ut ungen, seier Yildirim.

Problemet er velkjent. Bilane våre har blitt større, medan mange parkeringsplassar på kjøpesenter, i leilegheitsbygg og parkeringsanlegg er tilpassa bilane på 70-talet.

Terese Kvalheim Yildirim lirkar bilen på plass i parkeringsskjellaren i Ålesund. Ein gulmåla stolpe hindrar henne å opne bildøra heilt.

Det gjeld å vere forsiktig så døra ikkje treff stolpen

Det er så trang mellom bilane at Terese Kvalheim Yildirim må halde handa mellom når ho opnar bildøra for å ikkje skrape opp bilen ved siden av

Det er så trang mellom bilane at Terese Kvalheim Yildirim må halde handa mellom når ho opnar bildøra for å ikkje skrape opp bilen ved siden av

Terese Kvalheim Yildirim har parkert den raude bilen sin i parkeringskjelleren på Moa i Ålesund. Ved siden av bilen står barnevogna.

Å få ut barnevogna er ofte eit problem.

Terese Kvalheim Yildirim må vere forsiktig når ho skal løfte ut babyen frå bilstolen i baksetet, slik at ho ikkje skrapar opp bilen ved sidan av. Biletet er tatt ovanifrå slik at vi ser biltaka.

Det er tett mellom bilane på Storsenteret i Ålesund

Utvide plassane

Anders Kirkhus, sivilarktiekt og seniorrådgiver i Sintef Byggforsk

Anders Kirkhus i Sintef seier det er på tide å utvide parkeringsplassane sidan bilane har blitt breiare dei siste åra.

Foto: Mikkel Moxness / Sintef

No meiner Sintef at det er på tide med endring. Dei anbefaler at nye parkeringsplassar skal byggast større.

Anbefalingane frå Sintef blir gjeldande om kort tid etter at dei har vore ute på høyring.

– Det har vore ein god del krangling om storleiken på parkering og auke i tvistesaker. Bebuarar meiner at plassane dei får tildelt er for tronge. Vi registrerer også ein del bulkesaker, seier Anders Kirkhus, seniorrådgivar i Sintef.

Sintef meiner at ordinære parkeringsplassar bør bli 10 cm breiare. Det betyr at p-plassane går frå å vere 2,5 meter breie til 2,6 meter.

Er det nok med 10 centimeter?

– Utgangspunktet er at personbilar har blitt 10 centimeter breiare i løpet av få år og då tenker vi at bilplassen må bli tilsvarande breiare, seier Kirkhus.

Les også Kommer ikke inn i bilen med babyen – parkeringsplassen er for trang

Johanne Auran Pettersen og Stian Gurendal

Kjem ikkje seg ut av bilen

For parkeringsplassar som er hindra av vegger og søyler blir det tydlegare beskrive korleis dei bør utformast.

– I nokre tilfelle må sjåføren krabbe ut av bakluka for å kome ut, seier Kirkhus.

Andre stader må passasjerane gå ut av bilen medan sjåføren parkerer. Dermed risikerer ein at små barn spring rundt og at ein må sette frå seg varene på våte og skitne golv.

Det får konsekvensar for trafikktryggleiken.

Dårleg for lommeboka

Bransjeforeininga Norsk Eigedom er kritisk til anbefalinga om å bygge nye parkeringsplassar breiare. Dei meiner ei utviding både er dårleg for klimaet og lommeboka.

– Jo meir materiale ein må bruke dess dyrare blir det for bustadkjøparane. Og jo meir materiale ein brukar dess meir Co2-utslepp slepp vi ut. Dette heng faktisk saman, seier direktør, Tone Tellevik Dahl.

Dahl meiner Sintef og styresmaktene må utfordre bilbransjen, slik at bilane ikkje held fram med å ese ut. I tillegg bør ein kike på andre måtar å parkere på, der ein køyrer bilen inn på ei plate og så blir bilen løfta til ein ledig plass. Ei slik systemparkering er mykje mindre arealkrevjande.

Sintef meiner det beste for klimaet er å bygge løysingar som er funksjonelle og brukbare i lang tid, framfor å bygge trangt og smått, med mange bilskader som konsekvens.

Tar to plassar

Lars-Petter Rye Aarseth er redd for å skrape opp BMWen sin og har funne ei eiga løysing på problemet. Han parkerer ofte på skrått over to parkeringsplassar når han er på kjøpesenteret på Moa i Ålesund for å få klaring på begge sider.

– Det er jævlig kjedeleg å få denne Moa-bulken, seier Aarseth

Han er positiv til det nye forslaget om å bygge breiare parkeringsplassar.

– Det finst mange andre bilentusiastar som er redde for bilane sine, så det er kjekt at det blir betre plass på parkeringa, seier 21-åringen.

Lars-Petter Rye Aarseth

Lars-Petter Rye Aarseth brukar ofte å parkere over to plassar for å unngå riper på bilen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Småbarnsmora Terese Kvalheim Yildirim var farleg nær å kome bort i bildøra til bilen ved sidan av då ho skulle løfte babyen ut av bilsetet, men det gjekk bra. Ofte har ho også store problem med å manøvrere barnevogna mellom bilane.

Ho helsar forslaget om større parkeringsplassar velkome.

– Det er heilt supert. Det er tipp, topp tommel opp, seier Yildirim.

Terese Kvalheim Yildirim saman med dottera på åtte månader. Dei står i parkeringskjellaren på Moa

Terese Kvalheim Yildirim er positiv til at parkeringsplassar skal byggast breiare framover.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL