Hopp til innhold

Lars-Petter (20) er så redd for bilen sin at han brukar to 🅿️-plassar

Lars-Petter Rye Aarseth meiner parkeringshusa er altfor tronge. Sjølv parkerer han BMWen sin på tvers på to plassar for å unngå bulkar.

Lars-Petter Rye Aarseth

Lars-Petter Rye Aarseth vil gjerne parkere bilen sin når han skal på handel, men han er livredd for bulkar. Han nøyer seg ikkje med ein plass.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den 20 år gamle fiskaren frå Selje elskar å køyre bil, men kvir seg for å parkere det mørkegrå gliset sitt. Han vil ikkje ha ei einaste skramme på BMW-en, og meiner tronge parkeringsplassar er ein trussel for dei blanke skjermane.

– Folk i området er veldig uforsiktige. Dei lar ungane smelle opp dørene, og vil berre parkere nærast mogleg inngangen, sukkar Lars-Petter Rye Aarseth.

For å vere på den sikre sida parkerer han difor ofte på skrått over to parkeringsplassar. På den måten er det god klaring til begge sider.

Dobbelparkering

Slik parkerer Lars-Petter Rye Aarseth gjerne. Då kjenner han seg trygg på at ingen kjem borti den fine bilen hans.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Bør klare å parkere innanfor

Men det er ikkje alle som er glade for at han breiar seg. Og det er fleire enn den unge fiskaren som har funne ut korleis dei kan spare bilane sine for striper og bulkar.

Rundt kjøpesenteret på Moa i Ålesund er det 2500 parkeringsplassar inne og ute. Senterleiinga seier dobbelt-parkering fører til klagar frå andre bilistar.

– Vi synest ikkje noko om det. Dersom du har sertifikat bør du klare å parkere innanfor grensene som er målt opp, seier senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe ved Amfi Moa.

Ho avviser at parkeringsplassane er for tronge og får full støtte frå forbipasserande i parkeringshuset.

Anne Mari Rødal Kleppe

Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe på kjøpesenteret på Moa er lei av folk som parkerer dobbelt. Ho meiner parkeringsplassane er store nok til at ein kan nøye seg med ein plass.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er heilt uakseptabelt. Dei tek jo plassen til to bilar, i staden for å plassere bilen der den høyrer heime. Folk tenkjer ikkje på sin medtrafikant, dette er rett og slett egoistisk. Eg kunne aldri parkert slik, seier Lars Emblem.

Parkering på Moa.

Lars Emblem blir opprørt når han ser at folk brukar to parkeringsplassar. Han kallar det egoistisk.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Det er veldig irriterande. Dei tek opp fleire plassar, seier Eli Mette Finnøy.

Ho foreslår at folk som er redde for bilen heller får ta bussen.

Parkering på Moa.

Eli Mette Finnøy foreslår at folk som er redde for bilen heller kan ta bussen.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Sindre Fløtre køyrer sjølv ein dyr bil, og passar på å finne seg ein parkeringsplass der det er få andre bilar. Han forstår dei som parkerer dobbelt.

– Det forstår eg godt når du har dyre bilar og folk kanskje køyrer på deg og berre stikk av utan å gje beskjed, seier Sindre Fløtre.

Sindre Fløtre

Sindre Fløtre har sjølv ein Audi A8 med ein nypris på mellom ein og to million kroner. Han skjønar at folk parkerer på tvers.

Foto: Remi Sagen / NRK

I fleire Facebookgrupper er dobbeltparkeringar ein gjengangar som skaper høg temperatur.

Er det greitt å parkere på to plassar?

Tusenvis av parkeringsskadar kvart år

Frykta for å få bulkar og striper på bilen når han står parkert er ikkje ugrunna.

Tal frå Finans Norge viser at det blei meldt inn over 80 000 skadar på parkerte bilar og i samband med rygging berre i fjor. Det finst ikkje statistikk på kor mange av dei som kjem frå folk som berre stakk av utan å gje seg til kjenne, men 8 av 10 bilistar seier dei har opplevd dette.

Parkering på Moa.

Det blir god klaring rundt heile bilen for dei som brukar to parkeringsplassar.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Som regel blir folk endå meir opprørt over at nokon er så sjofle at dei ikkje seier frå, enn for sjølve skaden på bilen, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz hos If.

Han meiner noko av utfordringa er at parkeringsplassane har blitt trongare samtidig som bilane har blitt større.

Sigmund Clementz, informasjonssjef i If forsikring

Kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If seier folk reagerer sterkt dersom dei opplever at folk stikk av etter å ha rygga på bilen deira.

Foto: Kilian Munch / If

Dyrekjøpt erfaring

20-åringen seier bilen hans til 900 000 kroner blei rygga på i parkeringshuset på Moa i fjor. Den som gjorde det, stakk berre av. Det enda med ei rekning på 6000 kroner for å lakkere opp igjen ei bitte lita stripe på ein bakskjermen.

– Folk får kalle det akkurat det dei vil, men eg gjer det no slik, svarer han på spørsmålet om han er egoistisk.

– Men dersom du er så redd for bilen foreslår kritikarane at du kan ta bussen?

– Nei, kvifor skal eg det? Her er mange parkeringsplassar. Eg trur mest det er sjalusi, ler 20-åringen frå sin mørkegrå BMW M3.

Lars-Petter Rye Aarseth

Lars-Petter Rye Aarseth seier han berre ler når han får kjeft for parkeringa si. Han meiner folk må forstå at han er redd for bilen sin.

Foto: Remi Sagen / NRK