Hopp til innhold

Silje (28) fryktar vanlege folk blir taparar når helsetoppane kranglar om millionar

SYKKYLVEN (NRK): Silje Ramstad (28) fryktar at pasientar i distrikta taper kampen om sjukehuskronene. Fleire stader i landet er det uro rundt fordelinga av pengesekken.

Silje Ramstad

28 år gamle Silje Ramstad i Sykkylven seier ho er heilt avhengig av familien sin. Dersom ho nokon gong blir alvorleg sjuk, håper ho at tilbodet på lokalsjukehuset er så godt at ho kan få behandling der.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Silje Ramstad (28) bur på bygda og kjem frå ein familie med mykje sjukdom. Fleire av dei er avhengige av eit godt tilbod frå legar og sjukehus.

28-åringen har følgt debatten i media og meiner St. Olavs hospital i Trondheim i nabofylket dei siste åra har fått mange helsekroner som burde vore gitt til folk i Møre og Romsdal. Og at det har ført til eit dårlegare tilbod i heimfylket enn nødvendig.

– Det handlar om tryggleik for meg sjølv og familien og at ein får den helsehjelpa ein treng. Dersom det skjer noko akutt er det aller beste å kunne reise til næraste sjukehus, seier Silje Ramstad.

Kamp om helsekronene

Det går no føre seg ein kamp fleire stader i landet for å få tak i mest mogleg av pengane som blir delt ut til helsevesenet.

Denne veka har fem kvinner og fire menn, styret i Helse Midt-Noreg, bestemt seg for å fordele helsekronene på deler av Vestlandet og Trøndelag på ein heilt ny måte. Vedtaket betyr at St. Olav framleis får ein stor del av potten fordi dei har krevjande oppgåver som universitets- og regionsjukehus, men dette utgjer ein mindre del enn før. Og det skaper stor uro.

For den nye fordelinga kan få konsekvensar for resten av landet, som også er i gang med å sjå på fordelinga av helsekroner.

Rita Ottervik

Ordføraren i Trondheim, Rita Ottervik (Ap), seier det som skjer eit svik mot fagmiljøet på St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Dette er eit svik mot fagmiljøa ved St. Olavs hospital, sa ordførar i Trondheim, Rita Ottervik (Ap) tidlegare denne veka.

Men ordføraren nådde ikkje fram med ropet.

Hevdar heile regionen blir råka av ny fordeling

Torsdag bestemte styret seg for å gje sjukehusa i Møre og Romsdal 177 millionar kroner ekstra kvart år framover. Og samtidig kutte 201 millionar årleg hos naboane, St. Olavs hospital i Trondheim. Direktør Grethe Aasved seier det er dramatisk.

Grete Aasved, direktør St. Olavs hospital

Direktør Grete Aasved seier det er dramatisk at St. Olavs hospital framover får mindre pengar. Det vil ramme heile regionen, seier ho.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Vi er jo eit regionsjukehus for heile regionen, difor rammar det også heile regionen å fjerne 200 millionar. Det kan ikkje gå upåakta hen, seier ho.

Aasved seier det er for tidleg å seie konkret kva for konsekvensar det får.

Men ein som er glad, er direktøren i Helse Nord-Trøndelag. Han er ein av dei som ønskjer meir pengar til lokalsjukehusa, og mindre til St. Olavs hospital.

Tor Åm

Styreleiar Tor Åm i Helse Nord-Trøndelag trur fordelinga av helsekronene sikrar eit betre tilbod til pasientane der dei bur.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

– Det som er veldig bra med vedtaket er at det er lagt stor vekt på å leite etter tiltak som skal sikre at vi kan gje lokale tilbod til pasientar, seier Tor Åm, direktør i Helse Nord-Trøndelag.

Hevdar distrikta blir utarma

Julegåva frå leiinga ved dei to sjukehusa i desember 2020 blei eit symbol for forskjellane. Medan St. Olavs hospital delte ut gåvekort for ti millionar kroner, fekk dei tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal kvar si enkle, grå lue.

Egil Romslo Schistad som er anestesilege ved Ålesund sjukehus med årets julegåve.

Anestisilege Egil Romslo Schistad var ikkje berre glad for julegåva frå leiinga.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Ein av dei som sjølv jobbar i helsevesenet, legen Igor Jokik, hevdar bestemt at trøndarane har stikke av med for mykje av pengane.

– Dette handlar om retten til likeverdig pasientbehandling for alle. Vi kan ikkje utarme distrikta. Helse Møre og Romsdal er underfinansiert, og dette går ut over både pasientbehandlinga og dei tilsette, seier Jokik.

Vil til det næraste sjukehuset

Silje Ramstad på Sunnmøre har fleire i nær familie som er avhengige av sjukehusbehandling i Trondheim. Ho forstår at fagmiljøet ved St. Olavs hospital krev ekstra ressursar og er glad for at det finst eit spesialisert tilbod. Men ho ønskjer samtidig at tilbodet i Ålesund, ein halv time unna, blir betre.

Difor er ho glad for den nye fordelinga, som blei kjent torsdag.

– Eg håper det betyr at vi kan reise til sjukehusa i nærleiken her vi bur og få den behandlinga vi treng. Det er veldig viktig for meg, eg er så avhengig av familien, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL