Hopp til innhold

– Det er umusikalsk at dei får 1000 kroner, medan vi står her med lua i handa

Sjukehustilsette i Møre og Romsdal var glad for lua dei fekk frå sjefen i julegåve. Heilt til dei fekk sjå kva kollegaene ved St. Olav får til jul.

Egil Romslo Schistad som er anestesilege ved Ålesund sjukehus med årets julegåve.

ÅRETS JULEGÅVE: Egil Romslo Schistad, som er anestesilege ved Ålesund sjukehus, med årets julegåve.

Foto: Oda Flatnes / NRK

I helsevesenet har det ikkje vore tradisjon for å gje julegåver, men i år ville administrerande direktør Grethe Aasved gje dei tilsette ved St. Olavs hospital ei ekstra merksemd.

Eit gåvekort på 1000 kroner er meint som ein takk for innsatsen dei har lagt ned under koronapandemien. Totalt kostar det dei rundt ti millionar. Men gåva har også ført til reaksjonar.

– Det er mange her som synest det er umusikalsk at St. Olav får 1000 kroner, medan vi står her med lua i handa, seier Egil Romslo Schistad, som er anestesilege ved Ålesund sjukehus.

– Sender eit feil signal

Han får støtte av Elisabeth Kirkholm. Ho er hovudtillitsvald for Fagforbundet ved Volda sjukehus.

Elisabeth Kirkholm

KRITISK: Elisabeth Kirkholm synest at forskjellen i gåvene sender eit feil signal til dei tilsette.

Foto: Privat

– Dei tilsette på St. Olav fortener sjølvsagt 1000 kroner og meir til i julegåve, men det hadde dei tilsette her også gjort, seier ho.

Kirkholm vektlegg at dei blei gledeleg overraska då dei for første gong på mange år fekk ei julegåve, og at dei set stor pris på lua. Men samtidig har mange reagert på at St. Olav har økonomi til å bla opp ti millionar på årets julegåve, seier ho.

– Helse Møre og Romsdal har absolutt ikkje økonomi til å bruke så mykje på ei julegåve. Vi er takksam for det vi får, men synest det er merkeleg at det skal vere så store forskjellar innanfor det same regionale helseføretaket – Helse Midt-Norge. Det sender eit heilt feil signal til dei tilsette.

– Eit spesielt år

Grethe Aasved, sjukehusdirektør ved St. Olavs hospital, seier det normalt ikkje er rom for å gje julegåver på offentlege sjukehus, men at det har vore eit spesielt år. Ho vektlegg også at dei tilsette ikkje har fått fagleg påfyll frå kurs eller konferansar i år, og at dei har spart mykje pengar på det.

Grethe Aasved, sjukehusdirektør ved St. Olavs.

EIT SPESIELT ÅR: Grethe Aasved seier det var viktig for ho å gje ei ekstra påskjønning til dei tilsette i år.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

– Det var utruleg viktig for meg å gje ei ekstraordinær påskjønning til våre tilsette i år. Eg trur samfunnet vil juble for at dei tilsette får ei slik gåve. Det skulle berre mangle, seier ho.

Aasved ynskjer ikkje å kommentere kritikken frå dei tilsette i Helse Møre og Romsdal, eller kva gåver andre sjukehus deler ut.

Gro Lillebø, føretakstillitsvald for Norsk Sykepleierforbund ved St. Olavs hospital, synest gåva både var hyggeleg og uventa.

Gro Lillebø, hovedtillitsvalgt i Norsk Sykepleierforbund ved St. Olavs hospital

UVENTA: Gro Lillebø synest gåva både var hyggeleg og uventa.

Foto: Bent Lindsetmo/NRK

– Dei tilsette føler seg sett i ein ekstraordinær situasjon, som dette året har vore. Dei har gjort ein kjempeinnsats, og det har vore ei stor belastning å stå i dette, både fysisk og mentalt, seier ho.

Kamp om pengane

Helse Møre og Romsdal har i mange år slite med dårleg økonomi. Innsparingar og kutt i tilbodet har prega kvardagen dei siste åra.

I tillegg er det ein kamp mellom helseføretaka om korleis inntektene skal fordelast, også kjent som Magnussen 2-modellen. St. Olav meiner at modellen ikkje fangar opp alt dei som regionsjukehus har av utgifter, og at dei difor må få eit ekstratilskot.

Egil Schistad

LUE: Dei tilsette opplyser at dei er glad for å ha fått ei gåve i år, men reagerer på dei store forskjellane mellom helseføretaka.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Kirkholm meiner årets julegåve viser at det er store økonomiske forskjellar innanfor regionen og at det dermed ikkje er behov for å gje St. Olav meir pengar.

– Om dei har så raust med middel at dei kan bruke millionar på ei julegåve, så må ein tenke seg godt om når midla skal fordelast.

Også tidlegare har årets julegåve til sjukehustilsette skapt reaksjonar. Då dei tilsette ved Sykehuset Telemark fekk ein paraply i gåve, var det mange som meinte at dei hadde fortent noko meir for innsatsen under koronapandemien.

Symbolsk gest

Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier at dei heller ikkje har hatt ein tradisjon for julegåver. Også han vektlegg at det var viktig med ein symbolsk gest i det som har vore eit spesielt år.

– Koronapandemien har gjort at vi ikkje kan ha ein felles julelunsj, og det har også avgrensa interne sosiale samlingar. Difor var det viktig for meg å gi ein liten merksemd til alle tilsette, seier han.

I Ålesund har Egil Romslo Schistad eit ynskje for neste års julegåve.

– Det er ikkje først og fremst gåva som er problemet. Vi opplever at pengane mellom helseføretaka blir fordelt urettferdig, og så kjem dette på toppen. Ynsket mitt til neste år er at denne fordelinga blir betre, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no