Sild full av rogn er på veg til Mørekysten for å gyte akkurat no. Det er dette selskapet Arctic Nutrition i Ørsta vil utnytte. Målet er at rogna skal hjelpe folk med psoriasis over heile verda, og samtidig bli milliardindustri.
– Eit fiskeegg er jo ei celle. Dermed er der mykje membranfett som vil hjelpe celleveggen din å fornye seg som han skal, forklarer gründer Hogne Hallaråker.
Positivt overraska
Pasienten Bjørn Ivar Heggelund er ein av dei 60 som var med i den norske studien som starta i Bergen i 2017. Han er no mykje betre.
– Eg merka ikkje noko med det same, men etter ei stund var det som å skru på ein brytar, seier han.
Det var Hudlege Kåre Steinar Tveit ved Haukeland universitetssjukehus som leia studien ved Haukeland universitetssjukehus. Han var skeptisk på førehand, men vart positivt overraska.
– Det som overraskar meg mest, er at pasientane sjølv opplevde at medisinen hadde god effekt. Det er ikkje berre det at vi legane kan måle ein viss tilbakegang. Det overraska meg også at det fungerer så godt på såpass mange. Så får vi sjå om effekten held fram, det blir spennande å følge denne gruppa vidare, seier Tveit.
Europeisk studie
Den norske studien er for liten til at kapslar av silderognolje kan bli godkjent legemiddel.
Førebels er dei berre i sal som kosttilskot. Difor er selskapet no i gang med ein stor europeisk studie med 400–500 pasientar.
Håpet er at silderognolje kan bli medisin mot psoriasis over heile verda om nokre år, og selskapet Arctic Nutrition har no blitt medlem av bransjeforeininga Legemiddelindustrien.
– Vi begynner å sjå at dette kan utviklast til å bli godkjent legemiddel, seier administrerande direktør i Legemiddelindustrien, Karita Bekkemellem.