Hopp til innhold

Ramona og Siggen skal gå i Radioresepsjonens fotspor

Kristiansundsjenta Sigrid Velle Dypbukt og Cecilie Ramona Kåss Furuseth har gjort stor suksess med radioprogrammet Ramona og Siggen på P3. Til hausten skal dei ta over den prestisjetunge oppgåva å fylle beste sendetid.

Ramona og Siggen

Suksessen held fram for Kristiansundsjenta Sigrid Velle Dypbukt (t.h.) og Cecilie Ramona Kåss Furuseth, hjernane bak radioprogrammet Ramona og Siggen.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Kristiansundsjenta Sigrid Velle Dypbukt har gjort stor suksess med radioprogrammet Ramona og Siggen på P3, kor ho er programleiar saman med Cecilie Ramona Kåss Furuseth.

Ramona og Siggen har stege raskt i radiogradene, frå søndagsprogram til fast kvardagsprogram no i sommar.

Frå ellevte august flyttar dei endå eit steg opp. Då høyrer du dei frå elleve til eitt på formiddagen alle kvardagar på P3 – og det er ikkje kva som helst slags sendetid.

Denne tida har tidlegare vore sett av til populære program som Radioresepsjonen og Are og Odin, som har hatt svært mange lyttarar.

– Først og fremst berre morosamt, seier Dypbukt om den prestisjetunge oppgåva.

Les og:

Ramona og Siggen

Med «ærlighet og kjærleik» skal Sigrid Velle Dypbukt (t.v.) og Cecilie Ramona Kåss Furuseth vinne lyttarar i beste sendetid.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Spent eller anspent?

– Eg prøver å berre glede meg over det. Prøver å tenke at eg er spent, ikkje spent, seier ho.

– Vi elskar å lage radio, og no får vi sjansen til å gjere det meir og midt på dagen. Men litt nervøs er eg, det kjem ein nok til å høyre første sendinga. Det er store sko å fylle.

Ho seier det er viktig for jentene at dei greier å skape ein ny lytterbase, og ikkje berre baserer seg på å ta over lyttarskaren til dei som har gått forut.

Fekk draumen oppfylt

Allereie då ho begynte på bachelorstudiet i journalistikk ved høgskulen Volda, skjønte Dypvik at det var underhaldning ho ville jobbe med. Men programmet ho i dag er kjend for tok ikkje form i Volda, slik ein kanskje skulle tru.

– Eg prøvde fleire gonger å sende inn materiale frå program eg hadde saman med venner i Volda, men det kom aldri noko igjennom. Så fekk eg sommarjobb i P3 på Tyholt, som nettjournalist først, deretter fekk eg jobbe i P3morgeo og det var der eg møtte Cecilie.

Deo to jentene fann tonen med ein gong. Saman sende dei inn ein pilot for Ramona og Siggen. Det tok lang tid, men til slutt kom beskjeden: dei fekk prøve seg på søndagsflata.

– Eg har fått draumejobben. Det er lett å gløyme av og til i alt som står på. Alt eg har drøymt om har eg fått. Det er ganske utruleg å tenke på.

Ramona og Siggen

Sigrid Velle Dypbukt (t.v.) og Cecilie Ramona Kåss Furuseth møttest då «Siggen» byrja jobbe i P3. Etter det har det gått slag i slag for radiojentene, som frå hausten skal gå i beste sendetid på P3.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Frå søndag til heile arbeidsveka

"Kjærleiken og ærligheten" er den sentrale filosofien til Ramona og Siggen. Det er lov å fjase og tulle, dei drit heller ut seg sjølv enn andre, og vil helst omfamne alle – det skal vere lov for lyttarane å ikkje vere glade heile tida.

No skal dei prøve å gjere kvar einaste dag til vekas beste dag, ikkje berre søndagen.

– Høyr på oss om du vil føle at du er med i ein liten klubb der vi kan flire og vere litt dumme og teite, oppfordrar Dypbukt spøkefullt.

På spørsmål om kvifor dei har blitt populære blant lyttarane, filosoferer ho høgt om det kanskje rett og slett kan vere det uspektakulære.

– Vi prøver å omfamne alle. Vi tar ikkje sikte på å vere innmari tøffe og kule, for det er vi ikkje. Det er ikkje noko fin fasade i Ramona og Siggen, eg trur og håper det er "ærligheta og kjærleiken" vi vinn lyttarane med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL