Hopp til innhold

Gifta seg framfor 7000 menneske – brudgommen sa ja

Ho kan puste letta ut. Komikaren Else Kåss Furuseth og kokken Tommy Johansen gav kvarandre sine ja.

Else Kåss Furuseth gifter seg i Oslo Spektrum.

KLINA TIL: Brud og brudgom gav kvarandre sine ja.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Til stor jubel i Oslo Spektrum blei det laurdag kveld klart at kokken Tommy Johansen (49) er Elses (43) utkåra.

– Eg lovar at eg skal tore å vere ærleg om kva eg vil og korleis eg har det. Og sist, men ikkje minst, lovar eg å aldri utsetje deg for noko som dette igjen – trur eg, sa Furuseth frå scena.

– Kjære Else, eg lovar deg at dette er den einaste gongen du skal gjere akkurat dette, akkurat her, sa Johansen.

– Eg lovar å svare på dine 50 spørsmål om dagen. Eg lovar å respektere deg og vere snill med deg.

Deretter lova dei kvarandre truskap gjennom julegåveshopping, flaskepanting og gode og vonde dagar.

Begge gav sine klåre ja framfor prest Bjørn Eidsvåg.

Else gifter seg.

Else Kåss Furuseth og Tommy Johansen går hand i hand ned frå «alteret».

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Før seremonien presenterte Tommy Johansen frå Sandefjord seg på storskjerm i eit fullsett Oslo Spektrum.

– Else lever av å gjøgle på scena, medan eg lever av å gjøgle på kjøkenet, sa den 49 år gamle kokken på video.

Else blei følgd til alteret av faren, Kristian Furuseth.

Else gifta seg
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Else Kåss Furuseth fann brudgom og fekk ja.

Etterfesten baud på både hummar og kanari. Frå Stian «Staysman» Thorbjørnsen som dansa på bordet med refrenget «drikk deg til møkkamann».

Til ein av kveldens store overraskingar: Bobbysocks som opptredde med «La det swinge».

– Gedigen opptur

– Det kjendest som ein folkefest. Eg er veldig takknemleg, seier Else til NRK etter festen, og legg til:

– Det er jo tullete, ramma rundt det heile, men det handlar om å hoppe ut i det.

– Det er ikkje noko verre enn Tinder, følger Tommy opp.

– Tinder på syre, fullfører Else.

– Korleis var det å dele augeblikket med 7000 menneske?

– Som Ronan Keating seier: Life is a rollercoaster, you just gotta ride it. Livet er både opp- og nedturar. Dette var ein gedigen opptur, svarar Else.

– Og for ein ikkje-scenevand fyr; veldig, veldig hyggeleg, seier Tommy.

Vegen fram til giftarmålet

I haust lanserte Else Kåss Furuseth bryllaup i Oslo si storstove.

I vinter har ho treft ulike menn, og gjennom programmet hennar «Else» på TVNorge har publikum fått vere med på fleire av møta – og prosessen fram mot giftarmålet.

Tidlegare har programleiaren og komikaren innrømma at ho er forelska.

Men det var aldri nokon garanti for at brudgommen ville møte opp til bryllaupet i Oslo Spektrum.

– Men er de kjærastar?

– Eg kryssar fingrane, smilte ho til NRK dagen før dagen.

Else får sin utkåra Tommy Johansen.

– Det gjekk!

Etter seremonien feira Else det nystifta ekteskapet på Instagram.

– Det gjekk! Tenk at kjærleiken finst, skriv ho.

Else på Instagram

Ho fortalde at ho ikkje visste heilt kva ho såg for seg då ho stod fram med at ho sakna nokon å dele livet med.

– Det kjennast som ein æve sidan no, og hadde det ikkje vore for det idiotiske påfunnet hadde eg aldri møtt Tommy, skriv ho vidare.

– Lenge leve idiotien. Og kjærleiken. Og tusen takk for kjærleiksdugnaden alle saman.

– Raraste opplegget eg har vore med på

Artist Sondre Lerche samanfattar kvelden som ein inderleg og nydeleg oppleving.

– Det er veldig nydeleg å tore å blottlegge seg i ønsket om kjærleik, seier han.

Mia Hundvin

– Dette er det raraste opplegget eg har vore med på. Eg er ikkje lettrørt, men det blei eg, seier programleiar Mia Hundvin.

– Det er mange som har vore usikre på om det blir bryllaup og om det er ekte. Kor ekte kjennest det no?

– Meg sjølv inkludert. Eg tenkte at dette var den dummaste idéen ho har hatt.

– No sit eg igjen og ... ja, ho fekk det faktisk til.

Høge forventningar

– Eg trudde ikkje eg skulle få ekte bryllaupsforventingar, men det har eg faktisk no, sa skodespelar Henriette Steenstrup på veg inn til Oslo Spektrum.

Ho var budd på både moro og rørande augeblikk.

Komikar og kveldens toastmaster Sigrid Bonde Tusvik var smått forbausa over alt hemmeleghaldet.

– Ein skulle tru ho var kongeleg, men ho er jo heile Noregs Else, so eg skjønar litt av pakka, seier Tusvik.

Begge nekta for at dei visste kven den utkåra var.

– Men vi håpar at ho ikkje giftar seg med seg sjølv, for det er noko av det tristaste eg veit, seier Steenstrup.

Publikummer Kari Elise Verngård

Publikummar Kari Elise Verngård kjem kanskje til å felle ei tåre, fortel ho.

Foto: Bjørnar Verpeide / NRK

Kari Elise Verngård er ein av 7000 publikum som har møtt opp i kveld.

– Eg har alltid vore stor fan av Else. Ho er utruleg inspirerande og ei bra dame. Når eg fekk høve til å sjå ho gifte seg, so måtte eg berre gjere det, seier ho til NRK før seremonien.

– Kva kjem du til å kjenne på når ho går til alters?

– Eg er ein lettrørt person, so om det blir fint kjem eg nok til å gråte litt.

Eidsvåg var seremonimester

Artist og prest Bjørn Eidsvåg var kveldens seremonimeister.

Dette er galskap og hjartevarme, sa Kåss Furuseth til NRK på førehand.

Ho vona å vise at «idioti kan gi kjærleik».

– Det er ikkje lenge sidan eg sat her med psykolog Peder Kjøs og fekk beskjed om at dette var ein dårleg ide.

pKwa018YNVE

Bjørn Eidsvåg er seremonimeister.

Foto: NTB

Prosjektet starta fordi ho sjølv meiner det er vanskeleg å treffe nokon i 2024.

– Vi famlar det vekk på Tinder og andre stader.

I går prøvde ho brudekjolen ein siste gong før den store dagen. Utdrikkingslag har det ikkje vore tid til.

– Men for min del føler eg at livet er eit utdrikkingslag allereie.

Skjermdump fra Else Kåss Furuseth sin Instagram-konto

Vil du gifte deg med meg?, skreiv Kåss Furuseth då ho posta dette bildet på sin eigen Instagram-konto for fem månader sidan.

Foto: Privat
Else giftar seg i Spektrum

Else Kåss Furuseth var gjest i Nyhetsmorgen fredag.

AKTUELT NÅ